fredag 29. mars 2024

Bilder frå marsmøtet.

 Her kjem endelig bilda frå marsmøtet. Beklager dårlig oppløysing på bilda!









































søndag 3. mars 2024

Velkommen til marsmøte!

 Det er mars allereie og tysdag 5.3 møtest vi til klubbmøte på Stokkenes gjestegard 18.30-21.30.

  • Våren er i gang og det er årsmøtetid, og komande helg er det også årsmøte med kurs. Siste frist for påmelding er på klubbmøtet, så om du ikkje ha høve å møte, men vil bli med på kurs, må du ta kontakt med styret.  Elna og Haldis skal  holde kurset, og dei kjem med informasjon på møtet. Elles må de følge med på medlemssida vår.

  • Vi legg opp til litt aktivitet denne kvelden, og vi skal prise våren som er komen. Mariann fortset med å inspirere med dekor på bakehandkle, no med eit vårmotiv som de får delt ut på møtet. Dette motivet kan brukast både til stitchery eller applikasjon (for hand eller maskin), så ta med det du treng til ditt arbeid. Har du ikkje eit passande handkle å sy på, kan du bruke eit gammalt laken eller eit lerret i passe storleik. Lurt å ta med vlisofix. Moulinegarn til stitchery eller applikasjon for hand.
  • Elles vert det info om aktuelle saker frå styret
  • Varer frå Primula Design
  • Lotteri
  • Vis og fortel FØR kaffipausen
  • .....og kaffipause!!

Vel møtt !



mandag 26. februar 2024

Inspirasjonshelg nærmer seg!

 I år har vi valt å kalle årsmøtekurset 9.-10.3 for Inspirasjonshelg. Denne gongen har vi valt å legge vekt på å bruke av det vi har av stofflageret vårt, alt frå restar til stoff som du har spart på lenge.

Haldis og Elna har sydd veldig mykje fargerike quiltar opp gjennom åra, og dei vil inspirere oss med mange ulike teknikkar. Og det er enkle teknikkar. Her treng vi kun vår vanlege rette linjal og rullekniv. Sjå også bilder frå forige klubbmøte der dei viste mange ting, små og store, toalettvesker, vesker, løparar og tepper.

Vi er mange påmelde sålangt, men vi har alltid plass til fleire, så ta kontakt om du vil være med. Siste frist for påmelding er på klubbmøtet 5. mars.



søndag 11. februar 2024

Bilder frå Februarmøtet.

 Så kjekt det er å komme på møte og sjå alt det imponerande  som medlemmane lagar! Der var alt frå småting til arbeid på fleire kvadratmeter! 

Ta eit lite tankeeksperiment om ein quiltar sitt arbeid:

  • Her ligg det mange timar med arbeid bak, 
  • alt frå planlegging, 
  • innkjøp av stoff,
  •  kutting av delar, 
  • så sy og stryke vekselvis,
  •  ....ikkje minst ta opp att det som vert feil, 
  • så montere sammen, 
  • quilte sjøl eller sende vekk 
  • og til slutt finne rette stoff til lukkekant og sy den på. 
  • Nokon som klarer å rekne ut tid som går med her???










































...og som alltid så diskar matvertane opp med sine beste rettar. Denne gongen fekk vi smake ekte kulturmat; Sunndalsgraut på vafler! (skål med graut visast litt oppe i venstre hjørnet på bildet under her.)