søndag 3. mars 2024

Velkommen til marsmøte!

 Det er mars allereie og tysdag 5.3 møtest vi til klubbmøte på Stokkenes gjestegard 18.30-21.30.

  • Våren er i gang og det er årsmøtetid, og komande helg er det også årsmøte med kurs. Siste frist for påmelding er på klubbmøtet, så om du ikkje ha høve å møte, men vil bli med på kurs, må du ta kontakt med styret.  Elna og Haldis skal  holde kurset, og dei kjem med informasjon på møtet. Elles må de følge med på medlemssida vår.

  • Vi legg opp til litt aktivitet denne kvelden, og vi skal prise våren som er komen. Mariann fortset med å inspirere med dekor på bakehandkle, no med eit vårmotiv som de får delt ut på møtet. Dette motivet kan brukast både til stitchery eller applikasjon (for hand eller maskin), så ta med det du treng til ditt arbeid. Har du ikkje eit passande handkle å sy på, kan du bruke eit gammalt laken eller eit lerret i passe storleik. Lurt å ta med vlisofix. Moulinegarn til stitchery eller applikasjon for hand.
  • Elles vert det info om aktuelle saker frå styret
  • Varer frå Primula Design
  • Lotteri
  • Vis og fortel FØR kaffipausen
  • .....og kaffipause!!

Vel møtt !



mandag 26. februar 2024

Inspirasjonshelg nærmer seg!

 I år har vi valt å kalle årsmøtekurset 9.-10.3 for Inspirasjonshelg. Denne gongen har vi valt å legge vekt på å bruke av det vi har av stofflageret vårt, alt frå restar til stoff som du har spart på lenge.

Haldis og Elna har sydd veldig mykje fargerike quiltar opp gjennom åra, og dei vil inspirere oss med mange ulike teknikkar. Og det er enkle teknikkar. Her treng vi kun vår vanlege rette linjal og rullekniv. Sjå også bilder frå forige klubbmøte der dei viste mange ting, små og store, toalettvesker, vesker, løparar og tepper.

Vi er mange påmelde sålangt, men vi har alltid plass til fleire, så ta kontakt om du vil være med. Siste frist for påmelding er på klubbmøtet 5. mars.



søndag 11. februar 2024

Bilder frå Februarmøtet.

 Så kjekt det er å komme på møte og sjå alt det imponerande  som medlemmane lagar! Der var alt frå småting til arbeid på fleire kvadratmeter! 

Ta eit lite tankeeksperiment om ein quiltar sitt arbeid:

  • Her ligg det mange timar med arbeid bak, 
  • alt frå planlegging, 
  • innkjøp av stoff,
  •  kutting av delar, 
  • så sy og stryke vekselvis,
  •  ....ikkje minst ta opp att det som vert feil, 
  • så montere sammen, 
  • quilte sjøl eller sende vekk 
  • og til slutt finne rette stoff til lukkekant og sy den på. 
  • Nokon som klarer å rekne ut tid som går med her???










































...og som alltid så diskar matvertane opp med sine beste rettar. Denne gongen fekk vi smake ekte kulturmat; Sunndalsgraut på vafler! (skål med graut visast litt oppe i venstre hjørnet på bildet under her.)

torsdag 8. februar 2024

Veskekurs med Andre Wallenborg!

 Siste helga i januar hadde vi eit innhaldsrikt veskekurs med Andre Wallenborg. Han har halde kurs hos oss fleire gongar før, og han skuffar aldri.

Men denne gongen var vi veldig spente på opplegget, for han hadde takka ja til å køyre kurs i fleire modellar samtidig. Heile 5 ulike modellar underviste han i, og han imponerte!! Igjen!! Vi var 16 deltakarar på kurset og han gjekk stafett mellom ulike stasjonar, og alle fekk eit godt og lærerikt kurs! 

Så til den som vurderer å arrangere eller gå på kurs med han, det er fantastiske opplegg og flott gjennomføring!

Her er litt bilder frå kurset og av ferdige produkt.

Flotte kit låg klare til dei ulike modellane.
Andre sinmodell, Weekendbag.




Bilde er av modellar som vart vist på siste klubbmøte, alle kursdeltakarar var ikkje på møtet med sine vesker.
Vi hadde kurs i desse veskene:
  • Veske med lang hank
  • Veske med kort hank og lang rem
  • Veske med klaff og lang rem
  • Weekendbag
  • Lommebok/lita veske



Lommebok





Kurs er både lærerikt og sosialt, men god mat høyrer også med, og det er vi veldig gode på!!




mandag 5. februar 2024

Februarmøte!

 Velkommen til februarmøtet  tysdag 6.2 på Stokkenes gjestegard.

Denne gongen har vi langdag der vi opnar dørene kl 12. Haldis har invitert til samsying av enkelt handlenett/veske og har lagt ut litt info på medlemssida vår. 

Velkommen til nye medlemmer, lurer nokon på kva vi styrer med, så stikk innom i løpet av tida vi er der, frå 12-21.30!!


Det er sjølvsagt høve til å sy på det du vil.  Du må ha med eiga niste, kaffi/te lagar klubben til. Det er ikkje lagt opp til anna praktisk aktivitet på møtet seinare på kvelden, så ta med deg handsaum du held på med.

kl 18.30-21.30 vert det vanleg klubbmøte med desse sakene:

  • Informasjon frå styret
  • Info/vis og fortel frå kurset med Andre Wallenborg
  • Info om "kreativ syverkstad" på årsmøtet v/Haldis og Elna
  • Vis og fortel, denne gongen litt tidlegare på kvelden der vi prøver igjen med å lage utstilling etter vising for spørsmål/fotografering etterpå.
  • Lotteri
  • Kaffipause
  • Primula Design kjem kanskje med fristande varer


søndag 7. januar 2024

Bilder frå Januarmøtet

 Vi starta rett på 2. januar med møte, kjekt å bli inspirert til meir sying i 2024!


Tema dor kvelden var å ta med og vise nye og gamle bakehandkle med stitchery/applikasjon. I haust vart medlemmane oppfordra til å sy eit motiv med "Julebakst" på, og vi fekk sjå fleire ferdige handkle.

































Takk til matvertane for nydelig kaffimat!