torsdag 20. september 2007

Klubbmøte 04.09.07

Bilder frå siste klubbmøte:
Dette er dei bilda som eg tok, men det vart vist fram veldig mykje flotte arbeid som eg ikkje har bilde av. Vi skulle prøve noko nytt denne gongen for at "Vis og fortell" skulle gå fort, så meininga var at vi skulle vise fort fram det vi hadde med, for så å samle alt på eit bord midt i rommet så ALLE fekk sjå, og ein unngjekk all fotograferinga undervegs. Visninga gjekk fort unna, men verre vart det med å samle alt på bordet etterpå, berre nokre få gjorde det. Difor ser de resultatet her, det vart berre nokre få arbeid som vart fotografert.

Eg kan tenkje meg at vi fotograferer som før på neste møte, men kom gjerne med meiningar om dette på bloggen her, skriv i "Quiltepraten"!
Eit kjempeflott sengeteppe i Bargello som Kari har sydd!



Dette doble sengeteppet er eit bestillingsarbeid som er sydd av Amishfolket i USA. All quilting er handsydd!! Imponerande tålmodighetsprøve!
















Løpar sydd på kurset i Meshwork med Mia Øhberg frå Sverige.


No er Dear Jane-lappane begynt å komme inn, dette skal bli fint altså!!! Og på neste møte kjem det fleire lappar inn!



Ingen kommentarer: