lørdag 26. januar 2008

Fredriksons fabrikk!!

I dag har klubben hatt første dugnadsdag på Dear Jane teppet. Vi har no fått inn nesten alle 130 lappane!!! Nok til at vi kunne begynne på å setje saman delane. Vi diskuterte litt undervegs kor mange tepper dette skulle bli, vi var i starten sikre på at det iallefall skulle bli eitt stort teppe og nokre små. Ettersom dagen gjekk, såg vi etterkvart kva vi hadde lappar til, så no kjem vi til å lage 2 store tepper og 2 eller 3 små til oppheng!! Tenk så mykje flott vi vil få ut av desse lappane!!

Vi har to blåfargar til mellomverk, og kjem til å ha ein lys beige og ein mørk blå til kant rundt.

I dag har vi vore ca 10 på dugnaden, vi blir om lag like mange i morgon også. Vi er komne godt i gang med arbeidet, og fekk etter kvart gode rutiner. Så gode rutiner at vi begynte å føle oss som damene på Fredrikssons fabrikk! Og det mangla ikkje menn heller, 2 stk. var innom oss så snarast!!(hemmelig resten). Og 2 tillitsvalde hadde vi til stades også, så det vart ordna med matpause og gode arbeidstilhøve!! Denne dugnaden er berre å anbefale, håper at det vert mange som deltek på siste dugnadshelga vår 9. og 10. febr! (Endeleg påmelding på medl.møtet i februar)

Her er delar av lappane lagt ut for å få oversikten!

1. skjærestasjon! 6,5 inch i kvadrat takk!

All the leftovers....


Mellomverk blir sydd i 2 fargar



Reinskjering av mellomverket

Strykestasjon

Her går det unna med dei lange saumane!


Slik blir det ferdige teppet.

mandag 21. januar 2008

Angelina og Tyvek kurs

Sist torsdag var det kveldskurs i quilteklubben vår. Dette var ikkje eit tradisjonelt kurs med lapper og mønster, dette sorterte meir under kategorien Quilt Art.

Kurset var å lære å bruke Tyvek og Angelina i quiltearbeid.

Tyvek er noko som vert m.a brukt til å lage konvoluttar av, eit kunststoff som ein kan skrive/ måle på og som smeltar i varme. Vi brukte metallic-maling på og varma/smelta med strykejern for å få effektane fram.


Dette er Siv sine 2 modellar.





Vi lærte også å lage passepartout av stoff, dette danna ramma rundt det som vi valde ut til motiv.




Litt mat måtte vi ha......


...og litt kvile
Tyvek behandla vi med varme, då krympar det saman. Her er det brukt varmluftspistol, men vi brukte også strykejern.






Kurset var veldig kjekt, fantasien fekk fritt løp, så om det er mange som angrar no at dei ikkje var med, så får vi kanskje lage til fleire slike kurs????

onsdag 9. januar 2008

Nye fargar!

Det er nytt år, så då kan ein endre seg med litt nye fargar også. Eg leikar meg litt med fargane som de ser, det er ikkje sikkert det blir slik så lenge........


Bildet på headingen er klipt frå eit foto som eg har teke på eit klubbmøte, det er eit flott teppe som Ragnhild Skjerve Nord har laga. Håper at ho synest det er ok at eg har brukt hennar bilde, skal ta kontakt med henne, men inntil vidare så blir det verande slik.


Har laga eit felt på høgresida der eg etterlyser 2 bøker, dei har vore borte i minst 2 år, er ikkje registrerte med namn i låneboka, men kanskje dei dukkar opp hos nokon når de ryddar i skap og skuffer no til våren??

Eg kan lage til innlegg der de medlemmar kan etterlyse eller selge ting, gje meg beskjed så kan eg sjå kva som kan lagast til :)

Og til dykk som ventar på meir bilder, har ikkje gløymt dei, dei kjem, dei kjem, men det er så mykje anna ein skal gjere i tillegg.......

Blogg-redaktøren

tirsdag 8. januar 2008

Bilde blir broderi!!

På møte i Quilteklubben i dag 8.1.08 fekk vi tips frå Torunn om ei nettside der ein kunne bestille sine bilder som broderi.




Sida heiter Ditt mønster, men eg veit ikkje heilt om det var denne svenske sida ho hadde bestilt ifrå. Men eg legg ut linken no, så får eg evt. endre den seinare om det trengs.

http://www.dittmonster.se/