tirsdag 23. september 2008

Quiltekafe

På siste styremøtet i klubben valde vi å prøve noko nytt på eit klubbmøte, QUILTEKAFÈ!

Kva som kjem ut av det gjenstår å sjå, men vi diskuterte litt om vi alltid skal ha eit opplegg på møta våre. Vi kom då fram til at på novembermøtet kallar vi det Quiltekafe og medlemmane tek då med seg det dei held på med av arbeid. På møta våre er det som regel rikelig med prat rundt borda, så denne gongen opnar vi opp for prat og "sållj" i massevis, og så kosar vi oss med mat og kaffi, lotteri og "Vis og fortell" som vanlig. Og kanskje kan vi vise det vi held på med òg?

Dersom dette vert vellukka, så kjem vi til å gjere det slik av og til. Håper mange kjem denne gongen!!

Julekurset med Patricia Iden

No har vi fått bilder frå Patricia Iden. Vi har bestilt henne til julekurset (sjå innlegg under) og temaet hennar er motiv som ho har kalla Skomakargata. Det er ein serie på mange fantastiske hus som er applikert, ho har laga det som gardin, men dei same motiva kan brukast på bilder,brikker, løparar m.m.

Vi får nok lære mange lure tips av henne på dette kurset, ho er ei erfaren dame innan applikasjon, kikk på bilda, då ser de kor oppfinnsom ho er!!

Som før nemnt er det endelig påmelding på klubbmøtet i oktober, men som vanleg er det lurt å gje beskjed til kursansvarleg fortast mogleg viss du veit at du vil vere med!!

.......og til sist, det er rimelege kurs for medlemmane og ikkje minst veldig sosialt å vere i lag på slike kurs! Sees vi då???



onsdag 3. september 2008

Julekurs?

Er kanskje litt tidleg ute med julekurs-annonsering, men vi har tinga på kursholdar og treng å få vite om vi vil ha nok påmelde til å arrangere kurset.
Kursholdar er Patricia Iden og vert 25. og 26. oktober.

Ho vil legge opp kurset etter våre ynskjer, men innanfor temaet JUL.

Så no er det opp til medlemmene å komme med ynskjer, ta kontakt med kursansvarleg Torill B. Sørland om du vil vere med å påvirke kursinnholdet!!! Og det vil du vel????Desse 2 bilda er frå utstillinga på Regionstreffet 2008, det er detaljer frå ei gardin som Patricia har sydd. Fantastiske detaljar og sirlig utført arbeid!
Patricia har hatt kurs med oss før , ma. "Valmueteppe", og vi fekk lære mykje av henne. Så no håpar vi at mange nok melder seg på så vi får til dette kurset. Endeleg avgjerd om bestilling av kurs vert på klubbmøtet i oktober.

Dobbelsidig Weekend-kurs

Har du enno ikkje meldt deg på kurset som skal vere komande helg, 6. -7. sept, så er der framleis ledige plassar. Kurset startar laurdag kl 10.00.


Kurset er ved Hilde Neset og heiter "Dobbelsidig weekend".

Du melder deg på ved å kontakte kursansvarleg Toril B. Sørland.

Bildet er frå utstillinga på Regionstreffet no i vår, denne løparen er frå eit kurs med Hilde på Vestlandstreffet i Bergen 2007. Kva slags modellar ho legg opp til på vårt kurs, gjenstår å sjå, men dette er iallefall ein av teknikkane ho har brukt.