torsdag 21. februar 2008

2. Dear Jane -dugnaden

10. februar hadde klubben den 2. dugnadenDear Jane-lappane, som no etter kvart er blitt forvandla til nydelige tepper.
1. dugnadshelga vart det sydd saman fleire toppar, så denne helga var det quilting og lukkekantar som stod på programmet. Ingun var der med quiltestativet sitt, og fleire fekk prøve kor effektivt dette fungerte. (Dette stativet er det mogleg å leige i butikken hennar)

Desse bilda er lånte frå ElinG sin blogg, ho skriv også at slike dugnadar er både kreative og sosiale.
Så til dei det ikkje passa for desse gongane: det kjem nok fleire sjansar, og kanskje tek de initiativ sjølve til noko, enten til ein slik fellesdugnad eller ein "gjere -ferdig- til- seg -sjølv- dugnad -i -lag -med -andre -i- same- båt"

The neverending story......

.......is about our long, long clothes-line!!

Så her fortset mysteriet om klesnorene som er sårt sakna! Håper ikkje historia og ventetida blir like lang som snorene då! For vi treng dei til utstillinga til Regionstreffet 30. mars! Hadde ein notis her på sida for ei veke sidan der eg etterlyste dei, og Elin svara i prateboksen at ho hadde funne dei i klubbhuset. Men det var dei NYE som vi måtte kjøpe fordi vi mangla dei gamle!!!!

Så herved etterlyses:

X antal meter med plastik-klesnor, truleg kvit farge. Snorene var sist sett mellom trea i Jektehola ein junidag for 2 eller 3 år sidan. Der var truleg mange vitne til stades, så etterforskingsavdelinga tek gjerne imot tips og observasjonar i saka. Det er ikkje kjent at medlemmer har fått meir kletørkeplassar ute, så snorene ligg nok i dekning ein stad i nærområdet.
Dei som har noko å melde frå om, kan gjere det ved å skrive i Prateboksen eller sende epost til ein i styret.

Meir informasjon kjem i bloggen om det dukkar opp noko nytt i saka!

torsdag 14. februar 2008

Klubbmøte februar 2008

Kveldens tema var ved Randi. Ho har designa og sydd denne flotte mobilveska med allsidige festemuligheter.
Dette er Anne Maries utrulege veske.

For inne i veska var denne vesle veska......

...og inne i den var det endå ei!

Lailas vognteppe




Anne Marit sin Irish chain frå Vestlandstreffet.
Elna har laga presangar

..og Haldis gjer ferdig UFO-ar

Ann Margrets hjerteteppe.
Reidun laga denne roseløparen i 50-årspresang til ei venninne!
"Fotobroderi" , Torunn er syersken! Link til firma finn de på eit tidlegare innlegg.
Denne Vågsøygensaren har Torunn designa! Motiv med Kannesteinen på framsida, har ikkje bilde av baksida, men der er det eit fyrmotiv. Mønsteret er å få kjøpt i Måløy!


Randis hjerteteppe
Utsida av veska er bildet over, innsida er bildet under.
Auds vesker






Inguns Valentine-hjerte!



Signy Alises Polka dots

Klubbmøte januar 2008

Denne vesle nåleputa var kveldens tema. Siv var ansvarleg og hadde laga denne modellen etter inspirasjon frå eit blad.
Kunstnaren her er Siri Sinding Larsen. Fantastisk!









Gardinkapper!





Strikkepinnearkiv!