mandag 27. oktober 2008

Reisebrev frå Solfrid!

Foto: Frå bloggen til Heidi Strand

I dag har bloggredaktøren motteke ein koselig epost frå ein av klubben sine medlemmer.

Solfrid er glad i å reise, og på sine reiser passar ho på å oppleve ting som gjev næring til quiltehobbyen hennar. No har ho vore ein tur til Island, og m.a. vore innom butikken Virka. Ho har også møtt ein kjend tekstilkunstnar, Heidi Strand, som hadde utstilling i Kalvåg i sommar.



Her er litt av reisebrevet frå Solfrid:

På Island var eg innom lappebutikken Virka ,der var eg ein heil dag, sidan eg var der likevel. Der var mykje fint å sjå, og kjøpe.
Men eg hadde ein kjekk dag sammen med ei dame fra Trondheim,ho er gift på Island og har vore der i 30 år.
Eg traff henne på hotellet der vi bodde, ho hadde vore på trening der, eg satt attmed peisen og strikka. Ho kom rett bort ,og sa at det må være du,for nordmenn strikker overalt,på Island gjør de ikke slikt offentlig.Eg fekk være med henne heim og sjå på mykje fint som ho har laga,mesteparten var nedpakka,men vi såg også på nettet der ho har mykje fint. Dama heiter Heidi Strand ,og hadde utstilling i Kalvåg i sommar


Du kan gå inn på www.heidistrand.com der vil du finne det ho lagar, kanskje nokon andre i klubben også har lyst å sjå. Her er bloggen til Heidi: http://heidistrand.blog.is/blog/heidi_p_island/

Foto: Frå bloggen til Heidi
Ser at nokon etterlyser adr.til Virka, på sida til Aslaug, den er:

Virka hf,Mørkin 3,108 Reykjavik

torsdag 9. oktober 2008

Julekurset!

OBS! OBS! No er det bere nokre få plassar att på julekurset med Patricia Iden, så vil du vere med så må du kontakte kursansvarleg Toril snarast!

Har no lagt ut eit nytt bilde frå Patricia, ein JULELØPAR som vi også kan lage. Det er kombinasjon med stichery-blokker med julemotiv og ensfarga blokker.