torsdag 17. september 2009

Ein herlig blogg!

Må berre få vise dåkke denne herlige bloggen!

MATERIAL OBSESSION

Dette er ein australsk blogg og er egentlig ein firma/butikkblogg. Men dei brukar så utruleg mange lyse og lekre fargar at dette er å sjå på som ein "GLADBLOGG"!!!
Nyt også alle dei artige designa dei brukar! Så det er langt fram til vi har prøvd alt!!


Og no når det går mot vinter hos oss, så blir det sommar hos dei!!!! Då har vi noko å sjå fram til når vi sit her nord i mørketida!!

Dei har også gitt ut to bøker, Material Obsession 1 og 2, den siste av dei har eg kjøpt. Det er ei kjempeflott bok med mønster og mange gode bilder. Ei kosebok! Har sett den i nettbutikken hos Northern Quilts (fann den ikkje i butikken der i dag), men eg har kjøpt mi hos Capris.

Helsing Mariann

Ingen kommentarer: