fredag 11. september 2009

Feriebesøk hos Quiltespesialisten

No når det regnar som verst her i vest, så er det godt å ha gode ferieminner å mimre litt om. Nestleiar og bloggredaktør Mariann viser her litt inspirasjon frå aust!

Minner om sol og varme dagar gjer godt, men også å kunne hente fram att bilda frå eit besøk i ein koselig butikk på Lillehammer, Quiltespesialisten. Ei blid dame bak disken, ho både sydde modellar og heldt kurs, så kanskje vi kan invitere henne vestover til litt regnver ein gong......



Det var mange fine modellar i butikken, og spesielt mange flotte vesker. Nokre av modellane som var der var etter mønster frå "Melly and me".




Litt Tilda var også her, ein koselig liten gjeng dette ...., og sjå den bittelille quilten....


Dette teppet i gråtonar er eitt som ho held kurs i, tykte dette var eit kjempeflott teppe, og hadde eg budd nærare, så hadde det kanskje blitt kurs på meg.

Helsing frå Mariann
ps. Er det andre som vil dele noko liknande på bloggen her, så send meg bilder og tekst, så legg eg det ut!!

Ingen kommentarer: