lørdag 12. september 2009

Lyst på kurs?

Vi er så heldige å ha 2 quiltebutikkar her vi bur, og dette er til og med to "dyktige" butikkar. Dei har eit utruleg flott utval av stoff, så bra at når vi besøker andre butikkar, så veit vi ikkje heilt kva vi treng å kjøpe, FOR VI FÅR ALT VI TRENG HEIME!!


Dei er også arrangørar av kurs av ulikt slag.
Primula har mange 3-timarskurs på kveldstid, meir som "drop in", på Stårheim skule. Sjå i bloggen hennar etter annonsering.

Ho sel ma. Bernina symaskiner og annonserer også no med eit Bernina-kurs:




NYTT BERNINAKURS MED MARIT FRÅ BERNINA 23-24 OKT PÅMELDING 57861395



Den andre butikken er Lappestua v/Siv Smørdal

Ho sel Janome symaskiner og helga 26. -27. sept arrangerer ho kurs for kundar som har kjøpt maskin med henne (Ho opnar også opp for at andre som ikkje har kjøpt maskin av henne òg kan få plass). Kurset er ved Patricia Iden og er laga til for elektroniske maskiner, med spesiell tanke på Janome 6600. På dette kurset skal ein sy eit trekk til symaskina der ein får bruke mange av finessane ved maskina.


Kurset kan òg tilpassast andre Janomemaskiner, så er du interessert i å vite om der er plass, ringer du Siv på 91531479

Oppdatering:(3 ledige plassar pr i dag 14.9)

Ingen kommentarer: