onsdag 7. oktober 2009

Søndagskurs!

No har vi fått ny dato for kurset med Randi Røys, dette kurset var tidlegare annonsert i september, men måtte avlysast.
Den nye datoen er no søndag 8.november. Kurset varer frå 11-16 og er på Stokkenes Gjestegard.
Vi skal sy ein løpar som ho har komponert sjølv. Som de ser er den litt usymmetrisk samansett, har applikasjon av blomster og dekortrå. Ho har også laga andre fargevariantar, sjå bildet under.


Hittil er det i underkant av 10 påmelde, så dei som no er interesserte, må melde seg på snarast. Det er sett opp påmeldingsfrist 23.10!! Det er plass til ca 20 kursdeltakarar.
NB!NB!
Dette kurset vert også tilbode medlemmer i Gloppen lappe-og quilteklubb dersom det ikkje vert fullt av våre medlemmer som har førsteretten. Andre quiltarar kan også få plass om det er noko ledig. Dei må då ta kontakt med kursansvarleg Aslaug, tlf 97533623
(beklager uskarpt bilde)

Ein annan variant ho har laga, men med den same applikerte blomsten.

Solfrid vart inspirert av Randi sin løpar og har sydd endå ein variant. Så her er mange muligheter til å lage flotte løparar. Og kanskje vert dette årets julegåver frå ivrige quiltarar??

søndag 4. oktober 2009

Rykande ferske bilder!


Denne helga har det vore Vestlandstreff på Stord, og dei har allereie fått bilder ut på heimesida si. Flott jobba!!

Dei to bilda i dette innlegget er frå sida til Stord Quiltelag.
HER finn de link til bilda!

Hilde inviterer til hyttetur!

(bildet er frå blåturen 2009 til Kalvåg og hytta til Hilde)
Eg vil med dette invitere til ein sosial hyttetur for medlemmane i lappeklubben,
helga 23. – 25. oktober.

Hytta mi ligg på Liset, vest for Kalvåg, i Bremanger kommune.

Fredagen tilbringer vi på hytta med medbrakt handarbeid, god mat og god drikke. Laurdagen skal vi sy maritim handarbeidspose mellom kl 1100 og 1700 (har leigd eit lokale i Kalvåg).

Om kvelden et vi eit betre måltid på Knutholmen, og er sosiale til langt ut i dei små nattetimar. Søndagen et vi god frokost, skvaldrar og syr, før vi reiser heim utpå ettermiddagen ein gong.

Eg har plass til maks 10 personar + 3 personar i bobilen til Aud. Nokon får ligge i gode senger, medan andre blir installert på sofaer og madrassar. Sengetøy eller sovepose må du ta med.

Når det gjeld mat, så må dette bli eit spleiselag. Eg ordnar med planlegging og innkjøp, og gjestane betalar. Antar at ca kr 300 pr person burde holde + middagen på Knutholmen. (så kjem leige for sylokalet i Kalvåg i tillegg).

Til syinga på laurdagen må du ta med:
Symaskin, skjæreutstyr og vanlige sysaker
Ytterstoff 0,3 m
Fôrstoff 0.6 m
Vliselin 0.3 m
Bomullsvatt 0.4 m
Viledon 0,2 m
Rødt, blått og beige stoff 0,2 m av kvar

Velkommen til ei trivelig helg på hytta.
Håper at mange har lyst til å være med!
Påmelding seinast 12. oktober til Hilde Iren Elvebakke på tlf 915 58 367