søndag 13. desember 2009

Ein matkavalkade!

Det er juletid og mattid, så då passar det med ein liten kavalkade med matbilder av serveringar på klubben sine arrangement siste 2 mnd. Heilt utruleg kva som dukkar opp, så medlemmene kan meir enn å sy!
Litt oppskrifter har eg fått tak i, fleire kjem kanskje, og berre tips meg om fleire oppskrifter på det som har vore servert. For de veit,....vi syr og quiltar så mykje betre når både augene og magen er mette! Eplekake frå Berit J (kurs Randi Røys):

150 g margarin
150 g sukker
150 g kveitemjøl
1,5 ts bakepulver
3 egg

Steik v/200 gr i 30 min

Her rører du smør og sukker kvitt og tilset resten litt etter litt. Doblar du oppskrifta så får du fyllt langpanna.

Verdens beste Gulrotkake frå Aslaug B A (kurs Randi Røys):

6 egg

6 dl sukker

2 dl olivenolje

3 dl appelsinjuice

0,5 kg kveitemjøl

5 dl raspa gulrot

3 ts bakepulver

3 ts natron

3 ts kanel

3 ts vaniljesukker

0,5 ts salt

Lag eggedosis og bland i resten. Steik i stor langpanne v 175 gr i 45-60 min.

Glasur:

2 pk Tine gourmetost Ananas og Mandarin

110 gr mjukt Smør

3 dl melis

1,5 ts vaniljesukker

Bland alt og smør på kaka når den er kald.



Smørbrødterte frå Aud S (Møte nov):
Skal prøve å få tak i oppskrift!

Budapestkake frå???? (møte nov):
Håper eg kan få oppskrifta med den som laga denne, for den var visst god! (fotografen rakk ikkje å smake den før den var borte....)
Her har eg søkt på nettet etter liknande oppskrifter:
Denne oppskrifta er frå Det søte liv:
6 eggekviter
3 dl sukker
1 pk kakefyll m vaniljesmak uten koking
100 g nøtter
Fyll:
8 ss aprikossylte
3 dl kremfløyte
2 ss melis
1 bx hermetiske aprikoser
Pynt:
25 g nøtter
melisdryss
Pisk eggekviter stive, ha i sukker og dryss inn vaniljekremPULVERET (IKKJE VÆSKE I)
og malte nøtter.
Røra skal steikast som 2 botnar i form på 26 cm v/175 gr 15-20 min. På den eine botnen drysser du over nøtter før steiking.
Dette var eit lite utdrag frå oppskrifta til Det søte liv


...og her er festmaten frå juleavslutninga, reine JULEBORDET dette her!!

Rekesmørbrød og laks m/eggerøre

Syltaflesk og skinkesmørbrød, og ei stor smørbrødterte bak lysestaken.

2 salatar som eg gjerne skulle hatt oppskrift på (send meg epost kokk!!!), den eine salaten var visst bacon og kylling.
Her er vårt søte liv,... ei kjempekake, både flott og god var den. Vi klarte ikkje å ete heile, så den som kjem på møtet i januar får vere med å ete opp resten!!



GOD JUL TIL ALLE SOM ER INNOM!
Helsing Mariann

Ingen kommentarer: