onsdag 30. desember 2009

Nåleputeutstilling

God romjul til alle som kikkar innom! Må berre minne dykk på at når vi skal ha vårt første klubbmøte no 5. januar 2010, så har vi Quiltekafe med NÅLEPUTEUTSTILLING!!
Det er ikkje meininga at no skal de sy nye i full fart til utstillinga! Nei, no vil vi gjerne sjå kva som finst rundt om i heimane, og ALLE nåleputer er kvalifiserte!!
  • Gamle
  • Nye
  • Heimelaga
  • Kjøpte
  • Kreative
  • ....og dei som slett ikkje er fine, men nyttige!!

Fint om du merkjer dei med namnet ditt til utstillinga. Ikkje fordi vi trur der er to like, men kanskje nokon vil spørje akkurat deg om di nålepute!


Desse modellane er ikkje laga av hverken meg eller nokon i klubben, dette er bilder eg har funne på nettet ( om nokon "eig" desse bilda, så håper eg det er ok at eg har lånt dei til bloggen). Mange artige idear å finne!

Ingen kommentarer: