torsdag 26. februar 2009

ER du medlem i klubben??

Obs! Obs!
Sjekk om du har betalt medlemsskapet ditt til klubben! Må vere gjort før årsmøtet slik at du både kan delta og ha stemmerett!!

Medlemsskapet kostar kr 200 pr år.
Kontonr er 3790.13.16660

Denne infoen ligg også på sidefeltet til høgre.

onsdag 25. februar 2009

Årsmøtekurs

Årsmøtet er no like rundt hjørnet, og det same er det årvisse "Årsmøtekurset"
I år er det Patricia Iden som er kursholdar, dette kurset heiter "Sybok".

Bilda under er frå utstillinga vår på Regionstreffet på Stårheim, då hadde ho med denne boka som fasinerte mange av oss. Boka er proppa med lure løysingar og flotte syteknikkar, og som ferdig er den å rekne som syerskens verktøykasse!!




Kurset er desverre fulltegna, så dei som no har lyst til å gå på kurs med Patricia, må nok vente til ein annan gong! Vi får heller glede oss til neste møte med vis og fortell og håpe at alle kursdeltakarane stiller opp med sine fiks ferdige Sybøker!!!

Dette kurset er på 12 timar og er fordelt over 3 dagar slik:

Fredag 6.3: kl 18-21
Laurdag 7.3: etter årsmøtet!
Søndag 8.3: Oppstart kl 9 eller 10? Dette avtalar kursdeltakarane med Patricia.

søndag 22. februar 2009

Regionstreff i Førde

Det går mot vår, og no er det berre å gle seg til det årlige Regionstreffet for Sogn og Fjordane. I år er det



som er arrangør, og det er sendt ut invitasjon til treff


søndag 19. april!

Stad: Førde barneskule, registrering frå kl 10.00.
Påmelding innan 16.3, og det kostar kr 150.


På heimesida til Luster quiltelag ligg link til invitasjonen, du finn del 1 her og del 2 her. Dette er eit pdf dokument, og du kan skrive det ut på eigen skrivar.

På programmet står ma. "Inspirasjonsforedrag med Helle C. E. Løvenskiold" ,
utstilling og sikkert mange butikkar med fristande varer.

Vi kjem til å ta opp info/påmelding mm. på neste møte.

lørdag 7. februar 2009

Gloppen er på nett!

Sender gratulasjonar til våre naboar i aust, quiltelaget i Gloppen som kallar seg GLOPPEN LAPPE- OG QUILTEKLUBB. (Men adressa deira er "Gloppetausene", altså ingen karar med der heller!!)

Foto: GLP
No har dei fått seg blogg, og har lagt ut ein del bilder. Det skal bli kjekt å sjå kva dei styrer med, og kanskje kan dei inspirere oss litt også!

onsdag 4. februar 2009