søndag 22. mars 2009

Vestlandstreff 2009



2.-4. oktober 2009 er det tid for Vestlandstreff igjen, og i år er det Stord Quiltelag som er arrangør.


Info om kursa mm. er no lagt ut på heimesida deira, klikk her , VESTLANDSTREFF 2009, så kjem du rett på infosida.
Foto: Stord quiltelag

Der er mange fine kurs ser det ut til, så den som vil ta den lange turen til Stord, må være kjapp!!

FORDI: Påmelding og plass skjer etter "Først til mølla"..........


Under her har eg limt inn programmet frå sida deira, med de finn også direkte link på sida deira til både dette programmet og til påmeldingsskjema.


Program for Vestlandstreffet 2009


Me i Stord Quiltelag ynskjer med dette alle quiltarar
velkomne til Vestlandstreffet på Stord helga 2-4 oktober 2009.
Heile arrangementet vil gå føre seg på Stord Hotell.
Me har eit rikt kurstilbod som me vonar vil falle i smak
Alle kurs er lagt ut på vår heimeside, der finn du også påmelding.
http://stordquiltelag.org
Besøkande (som ikkje skal gå på kurs) er hjarteleg velkomne, entre kr. 50,- pr.dag, sjå i tillegg
påmeldinga dersom du vil delta på foredrag, festmiddag, konkurranse eller anna, bindande
påmelding innan 20.mai.
Fredag kveld blir det foredrag med den kjende designeren Andrè Wallenborg.
Laurdag og sundag er det mange butikkar, med godt quiltestoff. I tillegg vil Stord Quiltelag
ha sin vesle butikk.


Blokklotteriet: sy hjarte i fri teknikk på beige bakgrunn. Ferdig mål er 15x20 cm.


Fredag:
17:00-19:00 Registrering av deltakarar
19:30-20:30 Kveldsmat
20:30 Foredrag ved Andrè Wallenborg


Laurdag:
08:00-09:00 Registrering av deltakarar
09:00 Velkomstmøte. Etter dette samlast quiltelagrepresentantane.
09:15-19:00 Butikkane er opne
10:00-18:00 Kurs
13:00-14:00 Lunsj
20:00 Festmiddag med vis og fortel. Trekning av blokklotteri.


Sundag:
08:30-15:00 Butikkane er opne
09:00-15:00 Kurs
12:00-13:00 Lunsj
15:00 Avslutning med vis og fortel frå produksjonen denne helga


♥Velkommen♥

søndag 8. mars 2009

onsdag 4. mars 2009

Klubbmøte 3.mars

Her er dei fleste av bilda frå klubbmøtet. Det vil komme nokre fleire seinare pga eg måtte bruke eit lånt fotoapparat til dei siste Vis og fortell. Når dei bilda er overførte, skal eg legge dei ut.

Det var veldig mykje fint å sjå denne gongen, mange hadde gått på kurs med Anne Beier Finnestad i regi av Lappestua. Mange fine løparar og "truseposar" vart viste fram denne kvelden.

Nokre av bilda er desverre litt uklare, men det kjem av at tinga ofte vert vist fram i ulike retingar i full fart. Då er det vanskelig å være fotograf!!









Symaskintrekk! Nydelig!