søndag 10. januar 2010

Maratonlaurdag

Hallo klubbmedlemmer!

Vil berre minne dykk på at komande laurdag 16. januar arrangerer klubben MARATONLAURDAG!

Det er første gong vi prøver noko slikt, så kva det blir ut av dagen,..... det veit vi etterpå!

Vi snakka litt om det på siste klubbmøtet, så denne infoen er spesielt til dei som ikkje kunne komme på det møtet.
Dagen blir omtrent slik:
  • Klubben har leigt det faste møtelokalet på Stokkenes gjestegard.
  • Dørene er opne mellom 08.00 og 20.00, du kjem og går som du vil.
  • Det er inga påmelding og heller ikkje noko å betale for dagen.
  • Primula Design og Lappestua vil ha sal av stoff og utstyr slik som på møta.
  • Det er ikkje noko opplegg for dagen, det er du sjølv som bestemmer kva du vil gjere. Meininga er å ha ei sosial "sysamkome" der du kan få gjort ferdig arbeid i triveleg lag, men også kan få råd av andre som er der.
  • Alle ordnar seg med mat sjølve, enten at ein tek med seg niste, handlar noko på Eid eller lagar seg noko i kjøkkenkroken. Vil du ha med noko å spandere er det heilt ok!
  • Det er strykejern og strykebord på huset, men ta med eige skjæreutstyr og elles det du treng.



Bilda er frå Bargellokurs, Rocky Mountain, Tusenfryd og Symaskintrekk (v/Patricia Iden, arr av Lappestua).
Så no håper vi at DU kjem innom og jobbar litt, for vert dette vellukka, så gjer vi kanskje meir av dette!

Ingen kommentarer: