mandag 5. juli 2010

Treng du sytips?


Det er ikkje blitt skikkelig sommar hos oss enno, så kanskje du treng noko å sy på?

I bloggen til Timotei såg eg at ho hadde sydd eit lite etui til kort som vi har massevis av, men sjeldan brukar. Likevel puttar vi dei i lommeboka så ho struttar!!
Bildet er frå bloggen til Timotei.

Så kvifor ikkje sy eit fint etui som ekstra lagerplass? Ideen og mønster finn du i ein annan blogg, A spoonful of sugar. Her finn du ei PDF-fil med nøyaktig framgangsmåte. Desverre er den berre på engelsk, men der er bilder og tal, så de finn nok ut av det likevel!!
Bilda under er henta frå A spoonful og sugar.

Ynskjer god sommar til alle medlemmer og besøkande, og har de fleire tips til småarbeid, kan de sende epost eller tipse i kommentarfeltet!

Ingen kommentarer: