søndag 31. oktober 2010

November-blokk

Her kjem novemberblokka, ein dag før skjema til ny månad! Du finn mønsteret på Kalenderbloggen.
Då har vi berre ei blokk att før alt er komplett, skal tru om det er nokon som har fått sydd ei eller fleire blokker?
Underteikna hadde som mål at vi skulle få sjå ein del ferdige blokker så bilde av dei kunne leggjast ut på Kalenderbloggen vår. Som inspirasjon for dei som kanskje vil starte på denne evigvarande kalendaren neste år??
Allereie no ber eg dei som held på eller er ferdige med mange, om å ta dei med på julemøtet så vi kan ha ei flott samling i lokalet vårt. Kjem til å legge ut desemberblokka når vi er inne i November ein gong,... kanskje nokon vil pynte med den til jul???

lørdag 30. oktober 2010

Snart klubbmøte igjen!

Oktober månad går mot slutten, og då er det like før vi møtast igjen. Reknar med at mange gleder seg til å få ny inspirasjon og mykje arbeidsglede på møtet!!
Vi i styret håpar at alle medlemmane trivast på møta vi lagar til, men mykje av trivselen er også opp til deg sjølv. Vi er mange på møta, og saknet etter å også kunne sy på maskin er der også. No prøver vi oss med eit lite syhjørne, det blir nok trangt om plassen så vi må rullere litt. Men som dåkke veit,..der det er HJERTEROM, der er det plass til alle!!
På kvart møte legg vi opp til ein liten aktivitet eller demonstrasjon, og dette året har vi også hatt kalendaren som tema. Difor håpar vi at du på møtet er aktiv med nål og tråd på eitt eller anna vis, du har kanskje med deg eit lite stitchery, ein lukkekant å falde, handquilting ol. Desse små men enkle tinga vi kan gjere på, er med på å inspirere andre på møtet, og det vert ein eigen kos i eit slikt "syfellesskap".
På komande møte har du mange alternativ til syaktivitet:
  1. Du har med deg noko sjølv.
  2. Du har med nål, moulinegarn, ramme, tynn tusj, stoff og vatt og er klar til å brodere/applikere på kalenderblokka for November. Mønster finn du på Kalenderbloggen som du kan printe ut sjølv, eller du får det på møtet.
  3. Du kan delta i Hjerte-temaet, del 3. Her kan du delta med symaskin (ta med!!), men det er også mogleg å sy dette med hand,...med attersting. Info om dette kjem under her. Ta med deg td. litt røde og lyse stoffrester, Rasterquick med ruter på 1 cm, kulepenn og linjal.

HJERTER, del 3

Denne hausten har Torunn fokusert på å vise oss ulike teknikkar som vi kan bruke i quiltearbeida våre, td krympeplast og effekter det gir. Undertemaet har heilt tida vore forma Hjerte, og på komande møte er det også hjerte det skal handle om i lag med teknikken Papirsaum. No var det mange av medlemmane våre som gjekk på kurs med George Siciliano og sydde på små papirbitar, men det er nok nokre andre som gjerne vil lære dette òg. Godt då at vi har mange gode hjelparar på møtet!!

Torunn er på ferie når vi har neste møte, så Mariann blir Hjertevikaren. Den vesle blokka vi skal sy er ca 10 x 10 cm med eit lite hjerte i midten, og før vi byrjar på syinga, må vi tegne opp motivet på Rasterquick. Butikkane våre er informert, så dei som ikkje har Rasterquick sjølve, kan få kjøpt dette på møtet.

Då gjenstår det berre å ynskje alle velkomne til ei koselig systund på Stokkenes,.....medan det er mørkt ute og det regnar på ruta. Åååååå som vi skal nyte det!!!!

fredag 22. oktober 2010

Utstilling på biblioteket!

No er utstillinga vår på plass i biblioteket i Operahuset på Nordfjordeid. Medlemmane våre har laga mange fine ting ser vi, temaet er jul/advent. Takk til alle som deltek med sine ting her, dette er flott PR for klubben vår!







mandag 18. oktober 2010

Siste nytt!

Her er siste nytt om Vestlandstreffet i 2012!
Arrangementet vert på Voss! Vi gratulerer dei!!

(bildet er frå ei jubileumsutstilling dei har hatt, henta frå Google)

Så i staden for å arrangere sjølve, så kan vi ta turen til Voss denne hausten! Noko heimeside til arrangørklubben har eg ikkje funne enno, men tek i mot tips om det er nokon som veit meir.

lørdag 16. oktober 2010

Frå Vestlandstreffet 2010

(bildet er frå Haugtussas blogg)

Arrangørklubben av årets Vestlandstreff, Haugtussa, har fått egen blogg. Her viser dei flotte bilder frå arrangementet sitt.
.....og vi ventar i spenning,..... har vi fått arrangementet i 2012??? Skal legge ut info så snart eg veit meir!

Onsdagskurs!

( Bildet er lånt frå bloggen til Gloppen)

Håpar no at alle har fått med seg at klubben arrangerer det vi kallar "Onsdagskurs". Dette er synonymt med at det er eit lite kurs på kveldstid, midt i veka! Du rekk nok ikkje å få ting ferdig, men du kjem godt i gang, får lært mykje så det er likevel eit kvalitetskurs.

Kurset vert 10. november kl 18-22 og er v/Elin T Grov.
Vi vert mest truleg på Stokkenes gjestegard, men viss vi vert veldig mange på kurset, så finn vi ein annan plass!

Temaet er "Buggy Barn", der vi lærer stjerneblokka.


Elin har hatt dette som tema i Gloppen lappe- og quilteklubb, så kikk innom her og her og sjå kva dei har fått til.

Har du ikkje meldt deg på enno, må du skunde deg no! .....og det beste: Det er plass til alle!

fredag 15. oktober 2010

Styremøte

Neste styremøte i klubben vert torsdag 28.10 kl.20.00.

Dersom medlemmane har saker vi bør ta opp, må dei meldast til leiar snarast!

lørdag 9. oktober 2010

Er du "Utstillar"??

Dei som har vore på klubbmøta i haust, har blitt oppfordra til å delta i ei "monterutstilling" på biblioteket i Operahuset/Eid vidaregåande skule. Temaet for utstillinga er "Jul/nyttår", men der er også rom for at ein kan stille ut "tidlause" ting som passar der. Vi skal stille ut i glasmonter, så det bør difor vere ting som egnar seg til det. Ved alle våre "Vis og fortell" ser vi at vi kan ALT! Det strekkjer seg heilt frå kunst til gode bruksting, så no håpar vi at vi kan få vist fram kor allsidige og dyktige vi er!! Tinga blir plassert ut etter 17. oktober, så då er fristen for innlevering den 17. Ta kontakt med Elin i styret om du har noko!!
Bilda i dette innlegget er frå julemøtet i 2009! Flotte arbeid!!

søndag 3. oktober 2010

Oktobermøtet nærmar seg!


Berre timar att til neste møte! Og de kan nok sjå fram til eit lærerikt møte. Denne hausten har vi valt HJERTER som tema, hjerter i ulike former og kvalitetar. På forige møte viste Torunn korleis ein brukar Krympeplast, og korleis ein får fram ulike effekter ved å sy på ulike måtar.

Dette seier Torunn om møtet no 5.10:

"Dersom medlemene har sydd saman krympestoffet med det stoffet dei vil ha som synleg overflate, så kan eg vise tre ulike hjerter vi kan lage av dei. På oppskriftsboka er hjertet omramma av to stk ”reverse” – omvendt applikasjon. Det kan eg og vise. Så kan vi vrangsy hjerter, også har vi den hjertelappen til AnnaKa eg har sydd framgangsmåten til. Så har eg og tenkt å vise litt om Angelina, stryke/smelte litt . "

Så dei som har jobba heime med krympestoff må huske å ta med:

”Samanquilta” krympestoff og overflatestoff
Stoff som passar til (Baksida av vrangsydd hjerte, omramming til omvendt applikasjon )
Dei som har sydd noko fint tidlegare med krympestoff og Angelina må gjerne ta det med på møtet!!!!!!

Her kjem òg eit lite tips til dei som ikkje har fått førebu seg til temaet om krympestoff :
Ta med deg det du treng til å sy stichery/applikasjon av oktoberkalendaren, då kjem du i gang med blokka før du hadde tenkt! Husk også tynn vatt, tynn tusj og syramme, og så er det berre å kose seg! Torunn kjem med mønsteret om du ikkje har lasta det ned sjølv!

........OG SÅ KOPPEN DIN TIL KAFFIEN!!!

Oktober er i gang!!

Oktober månad er i gang, og de treng vel meir syarbeid?? Mønsteret finn de i Kalenderbloggen. Er usikker på om det blir delt ut på klubbmøtet 5.10 fordi undertegna ikkje vert på dette møtet. Men kanskje nokon andre får ordna kopiering, viss ikkje blir det på neste møte.