torsdag 4. november 2010

Bargello

Bargello, ... ein teknikk som av og til konkurrerer med sjølvaste nordlyset! Men du verden kva moglegheiter som finst i denne teknikken når en brukar alle regnbogens fargar. Striper snirklar seg mot kvarandre, bøyer av og tek ei ny retning. Her må nok rett farge vere på rett plass og aller helst må vel saumane òg vere det.
Nokre av oss har kanskje prøvd denne teknikken, men få kan vel overgå eitt av medlemmane våre i klubben,.....Kari. Om eg ikkje huskar feil, så er dette det 3. store doble sengeteppet ho har laga. (Oppdatering: Ho har visst laga 8 stk hittil!!!!)Ho fortel at der går med stoff for over 2000 kr. Kor mykje tid ho brukar sa ho ikkje, men det har nok gått med mange kjekke sytimar her. Det første teppet ho laga, quilta ho for hand. Seinare vart det ved hjelp av symaskina. Og fleire tepper skal det visst bli, for ho har tenkt at alle barnebarna skal få kvar sitt. Men vi kan vel ikkje unngå å legge merke til fleire i denne "Bargello-familien", for på bloggen til Ålesund og omegn quiltelag kan vi lese om eit Bargellokurs dei hadde siste helga i oktober. Kikk innom bloggen og sjå bilda frå kurset.
Og kursholdaren der var Siv E. Smørdal, datter til Kari. Men kven som var den første til å sy i denne teknikken, det har underteikna ikkje funne ut enno.

(bildet er lånt fra bloggen til Ålesund og omegn quiltelag)

Ingen kommentarer: