fredag 12. november 2010

Buggy Barn-kurs

Desse 3 øverste bilda er modellane til kursholder Elin.

Eit svært så vellukka kortkurs! Onsdag 10.11 arrangerte vi eit 4-timars kveldskurs i teknikken Buggy Barn. Elin T. Grov frå Gloppen lappe- og quilteklubb hadde lært seg denne teknikken ut frå ei mønsterbok frå Buggy Barn og delte sine erfaringar med oss. Takk til Elin for eit godt og enkelt kurs. Vi var 16 på kurset, og sjelden er det så mange konsentrerte på ein gong. Til tider var det heilt stille, iallefall før vi byrja å sy. Alle var så flittige at då kurset nærma seg slutten, så hadde dei fleste sydd ferdig alle blokkene.
Vil du vite litt meir om framgangsmåten, så finn du litt info HER.












Takk til Ingun i Primula som alltid stiller opp med stoff , utstyr og gode råd til oss.








Ingen kommentarer: