fredag 25. februar 2011

Snart VÅRMØTE!!!!


På forige quiltemøte vart mønsteret til denne påskeharen delt ut, og vi tok føre oss ulike måtar å applikere på.
No fortset vi på dette bildet, og på komande møte skal vi ta føre oss korleis vi kan quilte dette for hand. Vi håpar at butikkane våre Primula Design og Lappestua har med seg nyttig utstyr til dette for salg, og kanskje har dei også gode tips til oss om teknikk?
I tillegg tek vi føre oss korleis ein kan sy fine lukkekantar, .......så då ligg vel alt til rette for at du kan få påskebildet ditt ferdig i tide!!!
Om du ikkje var på siste møte då mønsteret vart delt ut, så kan du laste det ned her og sy det i helga! (Du rekk det fint, for det er meldt godt syver!!)

søndag 20. februar 2011

Eit lite onsdagskurs??


Vil berre tipse om at komande onsdag, 23.feb, så har Primula Design ein liten kurskveld på Stårheim skule.
Det er ope for alle, inga påmelding, så det er berre å møte opp.
Ho startar kl 18.30, og sluttar vel ut på kvelden ein gong!!!

Denne kvelden demonstrerer ho bruk av stempel og strykemotiv.
Kurskvelden koster kr 150.- pr. kveld då tar du
med symaskin og alt tilbehør ellers har ho med seg, pluss stoffkoffert.
Dei som vil kan få sy enkel lyspose m/blonder for kr.50--...passer også for dei unge
då låner dei maskin av Ingun.

onsdag 16. februar 2011

Søndagsopen quiltebutikk!

Bilda er henta frå heimesida til Lappestua.

Det er vår i vente,.........iallefall hos Siv på quiltebutikken Lappestua på Nordfjordeid. Komande søndag opnar ho dørene og har vårgale tilbod på stoffa sine.
Her er klipp frå invitasjonen frå henne:

STAD: Butikken på Nordfjordeid
TID: NB! NB! Søndag 20. februar 2011 NB! NB!
kl 14.00 til kl 20.00

Menyen er kopiert frå fjorårets suksess:
FERSKE VARER !

Stoff frå rull- ”smaksett” med årets aller lavaste prisar.
Symaskiner- enkelte lagerførte modellar -20%
Bøker og Mønster ”enormt” utvalg av Amerikanske mønster
- og litt Norske også.
Smått og stort som vi ”sydamer” har bruk for

Denne dagen er nesten alt i butikken prisa slik at det grenser til GALSKAP!!!!

Ny bok!

( bildet er lånt frå bloggen til Primula)

Denne boka har klubben nyleg kjøpt i butikken til Primula Design. Her er det mange fine småsaker som er kjekke å lage!

Og det beste av alt, forfattaren bak boka kjem til Eid for å holde kurs når det vert varmare i veret! Primula design er arrangør av kurset, det er ope for alle, så vil du være med, må du kontakte Ingun på butikken for meir info og påmelding.

onsdag 9. februar 2011

Sysøndag


Minner om at komande søndag, 13.2, så arrangerer vi "sysøndag". Lokalet er ope mellom kl 12.00 og 17.00.

Vi håpar at mange tek turen innom, for her kan du få sydd ferdig ufoane dine i ro og fred! Eller du kan starte på noko nytt! Og du kan få råd og hjelp av andre om du treng det,...... eller kanskje akkurat du er den som kan hjelpe nokon???
Klubben har også fått ei filtemaskin, denne vert i lokalet slik at den som vil, kan få prøve den.
Ta med deg niste, og så lagar vi te/kaffi etter behov.

Velkommen til ein avslappande søndag!

onsdag 2. februar 2011

Kursinvitasjon!

Det er godt å ha gode naboar, iallefall når dei har same interessa som vi har!! Naboklubben vår, Gloppen lappe- og quilteklubb, arrangerer kurs med danske Bettina Andersen, og no har dei nokre ledige plassar som er opne for den som vil!! Førstemann til mølla her, så ta kontakt med Elin om du vil delta.

Elin Torvik Grov - kursansvarleg/blogg
tlf. 99715205


Her er kopiert tekst frå bloggen deira:

25. - 27. mars får vi den danske kunstnaren Bettina Andersen til å halde kurs for oss. Tema blir broderi etter inspirasjon frå naturen med fritt hand- og maskinbroderi. Bettina skriv i ein mail: "Vi tek utgangspunkt i dine fotografi frå naturen, og vi gjer det på forskjellige måtar. Nokon vil sy eit naturalistisk bilete, som liknar utgangspunktet, andre vi sy noko som er meir abstrakt, og atter andre vil bruke det vesle biletet som dekorasjon på enkle vesker......Alle kan vere med på dette kurset, sjølv om du aldri har sydd fritt broderi tidlegare. Det er lett å lære, og vi begynner med ein introduksjon til fritt maskinbroderi."

Meir bilder og tekst finn du HER

Heimeside til Bettina Andersen: HER

tirsdag 1. februar 2011

Kattebloggen!!

Ein ny blogg har sett dagens lys, og med den ny inspirasjon??
For dei som var på klubbmøtet i kveld, så vart det gitt litt info om dette nye "ekstratilbodet" til medlemmane. På eit vis liknar det litt på kalenderprosjektet vi hadde i 2010, men med litt færre blokker.
Er du interessert, så klikkar du på bildet for å komme til meir info på bloggen, eller klikk HER.