torsdag 17. mars 2011

Avlyst kurs!

På grunn av lite påmelding, er kurset "Eg vil bygge meg ein by" v/Siv Smørdal avlyst. Det vil då bety at det ikkje vert fleire kurs før sommaren.

Men vi skal ikkje gå mot sommaren utan å ha lært noko nytt likevel.
På dei 2 neste klubbmøta vert temaet "Sommarfuglblokk" i Buggy Barn-teknikk, og om vi får det til, så lagar vi kanskje til ein sylaurdag til dette prosjektet. Dei som var på siste medlemsmøte, fekk info og planer rundt prosjektet "Tepper som varmer", og tanken er at mange av desse fine Buggy Barn-blokkene vil egne seg til flotte tepper til barn.

Denne flotte sommarfuglen er lånt fra dette innlegget på bloggen til Primula Design.
Meir info om "Tepper som varmer" finn du på innlegget frå 5. mars eller klikk HER.

Ingen kommentarer: