mandag 3. oktober 2011

Dessertkake

Når vi i klubben vår har kurshelg, så vert ei slik helg ei "godhelg" på mange måtar. På siste kurshelga var det ei som fortalde til kursholdaren at "når vi går på kurs, så kjøper vi oss fri frå ungar og husarbeid!" Så sant, så sant!! Og då er det vel ikkje rart at vi også fortener både god mat og kaker!

Ei av kakene denne helga var ei enkel dessertkake, ser fristande ut, og er rask å lage. Her kjem oppskrift:

FRUKTTERTE

3 egg
2,5 dl sukker
75 g smelta margarin
3 dl kveitemjøl
0.75 dl melk
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker

Ha egg og sukker i ein bolle og rør sammen med ein strengvisp. Ha i melk og det smelta smøret, tilsett så resten og rør til røra er glatt.
Ha i smurt rund form 28 cm eller i lita langpanne,

Steik nest nederst i ovnen i 25 min v/200 gr.

Krem:
Kaka er lav og skal ikkje delast, dvs. at alt skal oppå.

1 pk kremfløyte
1 pk Piano vaniljekrem
3 pl gelatin

Bland piska fløyte med vaniljekremen, løys opp gelatinplatene i ca 2 ss vatn og bland i. Dette gjer at kremen held seg på plass.

Pynt:
1 pk skogsbærblanding

Ingen kommentarer: