onsdag 28. september 2011

Klubbmøte med ny blomst!

Det er no berre få dagar att til neste klubbmøte, 4. oktober, og då er det på tide med viktig info til medlemmane.
Bildet over viser det som er temaet for neste møte. Som vi har sagt på forige møte, så er årets hovedtema ulike måtar å sy blomster på.

Etter ynskje frå mange av medlemmane, så prøvar vi oss no med eit godt gammaldags møte der vi syr på maskin!! Vi brukar å vere mange på møta, og det er trangt om plassen, så vi må rekne med å ha det trangt men desto meir kjekt??? Vi tenkjer oss at vi lagar til ei symaskinavdeling og plasserer oss slik at dei som ikkje skal bruke symaskin, vert sitjande i lag ein annan stad.
På komande møte har vi også jul i tankane, så difor har vi valt å ta føre oss blomsten i denne løparen. Her er litt fakta:
  • Mønsteret er henta frå boka "Lappesprell" av Hanne Asplin Firman. Det heiter "Hvite julestjerner" og står på s. 51.
  • Teknikken er ein Crazy-logcabinliknande teknikk!
  • Du startar med ein skeiv likesida trekant og syr rundt og rundt, og til slutt vert dette basis for 3 stk kvadrat som du skal skjære ut.
  • Anne Marie har prøvd ut teknikken og vil vere rettleiar.
  • På bildet ser de at blomsten er i kvitt og med grøn bakgrunn. Her kan du variere bakgrunnsfargen etter eige ynskje, for den kvite blomsten passar til alt!
  • Ta med deg: symaskin, skøyteledning, passande stoff (stoffrestar går fint å bruke her, men har du ikkje så kjem Primula Design med butikken), skjæreutstyr, ein kvadratlinjal på td. 8" eller ca 20 cm, om du vil kan du ta med tynn vliselin til å sy på for å stabilisere arbeidet.
  • .....og husk quiltekoppen din!

tirsdag 27. september 2011

Hexagon over alt!


Hexagon i New York har DENNE bloggaren kalla innlegget sitt. Og det er interessant å sjå kva ein fangar opp av ei geometrisk form når ein er ute på reise. Gatestein og kunst, 6-kanten er over alt og går aldri av moten!
HER er eit nyleg innlegg der ho har brukt lappane til dekor på ei pute.

Bloggen heiter Diary of a quilter (dagboka til ein quiltar) og ho bur i Utah i USA. Besøk den fine bloggen hennar, og husk å legge inn kommentar!!

Håpar no at mange av medlemmane i klubben har fått smaken på desse små lappane og har sett kor mange muligheter som er med dei. Og bloggred. er like fasinert,..... så dette blir nok ikkje siste innlegg om hexagon!

søndag 25. september 2011

Hexagon

Bildet er lånt her.
På sida til Quilteposten er det ein flott presentasjon av korleis ein syr hexagon.
HER er linken.

lørdag 24. september 2011

Det nærmar seg kurs!!!


Reknar med at no er mange byrja på nedteljing til eit kjekt og spennande kurs!! Kurs med Andre Wallenborg vert endeleg hos oss òg!
Neste helg er vi i gang med kurs i Veskelommebok! Eit kompakt kurs der vi får lære mange lure tips samtidig med at vi får laga oss noko som vert nyttig og brukandes!!

Kursleiar opplyser at det no er nokre få ledige plassar att på kurset, så om du har lyst til å delta, må du ta kontakt med henne snarast.

OBS! Dette kurset er også ope for andre enn medlemmane i klubben!!
Sjå info om tlf.nr på eit tidlegare innlegg.

Quiltekroken i Bergen hadde dette kurset sist haust, og der laga dei mange flotte variantar. Kikk på bloggen med bilder frå kurset HER , klikk på Veskelommebok med Andrè på venstre marg .
På bloggen til Anne Lise kan du sjå kva ho laga då ho gjekk på dette kurset. Bildet over er lånt frå bloggen hennar.

mandag 19. september 2011

Ledige kursplassar!

Det ser no ut til at vi har ledig 4 kursplassar på Wallenborg-kurset. Desse er no opne for andre enn klubbmedlemmar, så her gjeld det å være først i køen!!
Sjå innlegget frå 13. sept og ta kontakt med kursleiar Siv!

onsdag 14. september 2011

Kursvert!

Vi treng ein kursvert til begge kursa i haust! Er det nokon av medlemmane som ikkje skal gå på kurs, som kan tenkje seg å hjelpe til nokre timar ein av dagane?
Ta i så fall kontakt med Siv.

tirsdag 13. september 2011

Kurs med Wallenborg!


Det nærmar seg kurset som mange har venta på: Veskekurs med Andre Wallenborg! Endelig får vi besøk av han i klubben vår. Helga 30.9 -2.10 vert det kurs på Stokkenes Gjestegard.

Kurstider:
Fredag 18-22
Laurdag 10-18
Søndag 10-14

OBS, OBS! Det viser seg at vi no har nokre ledige plassar på kurset!! ER det nokon av medlemmane som no vil delta, ta snarast kontakt med Siv! Frist er sett til innan laurdag 17.9. For dette kurset vert også ope for andre, invitasjon er ma. sendt til naboklubben Gloppen lappe- og quilteklubb. Etter 17.9 veit vi kor mange ledige plassar vi har for eksterne.

Er det andre som les dette og vil vere med, ta kontakt på epost til Siv:

s-eng-s@online.no eller mob. 91531479


Vi skal sy Lommebok/lita veske, og dette blir nok eit spennande og kompakt prosjekt. Første inntrykket var at dette var noko veldig lite, men når ein ser på bruksområdet, så vil ein nok bruke denne vesle veska/lommeboka meir enn andre ein har sydd i si karriere!! For om du tek deg ein tur i veskebutikkar, så ser du at den nye trenden er litt store lommebøker med plass til det meste i, og dei har akkurat denne storleiken!!

Det står også i beskrivelsen at mønsteret enkelt kan forstørrast til td. PC-mappe og anna ein kan trenge i større format.

søndag 11. september 2011

tirsdag 6. september 2011

Hexagon på maskin

Desse bilda er lånt frå bloggen til Abyquilt.


Har du heller lyst til å sy hexagonlapper på maskin?
På eit klubbmøte i vår viste ma. Ingebjørg korleis ho har sydd store hexagonlappar der ho skar malar etter ein trekant-linjal (60 graderslinjal). Den same framgangsmåten finn du på den flotte bloggen til Abyquilt der ho viser dette steg for steg. Takk til henne for denne flotte presentasjonen.
Klikk HER for å komme til dette innlegget.

mandag 5. september 2011

Oppstart på haustens klubbmøter!!


Det er vel på tide å møtast att?? Sjølv om dei fleste av oss har jobba hardt i lag denne helga, så er det no eit vanleg klubbmøte i morgon.

  • Alle er vel spente på å oppsummere Låvemessa, det vert nok det store temaet i morgon!!
  • I tillegg legg vi opp til ein aktivitet som vanleg. Les meir under bildet.
Dette bildet er lånt frå "All momas quilt",
Maria i Århus i Danmark driv denne bloggen.

Bildet over indikerer aktiviteten i morgon. Dei som var på junimøtet, fekk ei innføring i måtar å sy sekskantar saman på. Treng du ein liten repetisjon, sjå på bloggen til Maria. Linken går rett til eit innlegg med steg for steg korleis ho syr sine sekskantar.

Styret har ein liten baktanke med å lære dykk dette :)!! For om du lagar deg til ein pose med lappar og maler, så har du alltid eit lite handarbeid å ta til i veska. Enten du er på tur eller på klubbmøte, ta med deg desse små bitane og sy på dei om du ikkje vil ta del i opplegg på klubbmøta. Husk at alt det du gjer, det kan inspirere nokon andre nær deg!!

Vi har valt å prøve oss på eit gjennomgåande tema denne hausten: Blomster!
Og vi har planlagt at vi skal prøve oss med ulike former og teknikkar å sy blomster på. Handsaum og på maskin!

På klubbmøtet no i september startar vi difor der vi slapp sist: Sekskantblomster!

Om du vil prøve deg på kveldens opplegg, ta med deg:
  • Stoffbitar til 2 blomster, du treng to fargar til 2 lag kronblad og noko som skal vere midten. (ferdig blomst er ca 10 cm)
  • Tynn papp til maler
  • Kraftig strykevliselin om du har det.
  • Litt fyllvatt
  • Papirsaks, blyant, nål og tråd som passar til stoffet ditt.
Då ynskjer vi alle velkomne til ein pratsom kveld på Stokkenes!

Ei fantastisk låvemesse!

D-kor

Det er mandag i dag, og slett ingen blåmandag når vi ser tilbake på arrangementet vårt. Verre er det vel med oss arrangørar som stod på begge dagane, slitsomt men kjekt, ja så kjekt at dette gjer vi gjerne ein gong til!!

Ein kjempesuksess i eit bygdemiljø med fjøslukt og våte vegar og marker. Men folk kom i lange baner og hadde fokus på alt det vi serverte av quilta godbitar, heimelaga mat i kafeen og mange kjekke medutstillarar som vi hadde fått påmeldt eller invitert.

Stårheim songlag
Glimt frå langveggen inne i låven.

Mange flotte gevinstar frå medlemmene gjorde at det gjekk godt unna med loddsalet. Trekning vert 12. september.
Eit lite kunstutsal like ved kafeen vår.
Og inne i kafeen var det trengsel og god omsetnad på all den gode maten begge dagane.
Det kjem meir bilder frå messa seinare.