søndag 4. desember 2011

Velkommen til julemøte!

Bilda av teppa er lånt frå bloggen til Tiril Sol

Det er igjen tid for julemøte! Så fort tida går, iallefall for oss som skal få gjort mykje før jul. Men mykje er likevel gjort, fantastisk mykje,..... for på dette møtet vert det overlevering av minst 27 tepper til prosjektet vårt "Tepper som varmar". Ein representant frå Lions Club vil ta imot teppa, og ho skal også vere med å dele ut teppa til barn på eit sjukehus i Jurbakas i Litauen og evt. andre trengande no før jul. Dette vart eit fantastisk prosjekt som ein stor del av medlemmane har teke del i. Vi rettar ei stor takk til primus motor Laila U. Piel for arbeidet ho har gjort, ho hadde håp om 10-15 tepper, men her vart det dobbelt opp! Besøk Lailas blogg, Tiril Sol, der finn de eit flott innlegg om heile prosjektet og bilder av 27 tepper!!
Når ein har slike store prosjekt, så er det mange ein skal takke i tillegg til dei som har gjort jobben. For til minst 27 tepper, så går det nokre meter stoff, trå og vatt. Vi har vore så heldige å få mange meter stoff frå nettbutikken Olaugs Quilt, og dei 2 lokale quiltebutikkane våre har også støtta oss, Primula Design med vatt og lån av quiltestativ som de ser på bildet under, og frå Lappestua har vi fått mange flotte stoff og vatt. Men også mange har medlemmane har vore gode sponsorar, for her har det blitt nytta restelappar og småprosjekt som har vorte liggande, sett saman til nye og flotte tepper. Det er berre å ta av seg hatten for denne flotte innsatsen i klubben vår!
Så når vi møtes no tysdag til julemøte, skal vi verkeleg kose oss med synet av alle teppa. Og vi skal ha god mat og som vanleg vert det òg litt å pusle med......Kva det er, ja det er hemmelig!! Ta med saks, elles får du det du treng!
Då ynskjer vi alle velkomne til møte, og ta med mykje JULEQUILTAR (og anna sjølvsagt) til kveldens Vis og fortel! Ta også med det du vil stille ut av juleting på biblioteket!

lørdag 3. desember 2011

Presangteppe 2

Endå eit nydelig presangteppe til inspirasjon. Nydelige fargekombinasjonar. Til dette teppet er det ikkje gratismønster, men du finn meir om det HER på bloggen Piece and Quilt.