søndag 1. januar 2012

Godt nytt quilteår!


Så er vi på startstreken igjen,..... til mange ubrukte timar til hobbyen vår, til å få ny inspirasjon, til å lære noko nytt og til å møtast att! Reknar med at mange gledar seg mykje til å få tid til å sy igjen, men kanskje er det òg nokon som har laga noko sidan sist?

(Dette bildet er laga av eitt av medlemmane våre, R. S.Nord. Takk for at vi fekk sjå dette flotte bildet!)

Til alle som ivrar etter å møtast igjen, velkommen til årets første møte i NLQ tysdag 3.jan kl 18.30. Møtestad er som før Stokkenes Gjestegard og vi har Quiltekafè. Ta med deg eit syarbeid som du held på med, og så kosar vi oss med mat og prat.

Så har vi fått ei oppfordring frå Hilde i Svelgen, ho held som kjent på med eit dugnadsteppe av små sekskantar som mange av medlemmane har sydd og levert til henne.
Her er beskjeden frå henne:

Er komen såpass langt i sekskantteppe-prosjektet, at det nærmer seg fullføring/avslutting av lappedelen/framstykket.
Har mista kontroll over kven som ikkje har levert sine blomster, og kven som har liggande blomster som dei driv og syr saman.
Ber om at alle som har noko som høyrer til dette prosjektet liggande, tek det med på neste medlemsmøte, eller event sender det i posten til meg
(Kringomvegen 26, 6723 Svelgen). Har eit håp om at framstykket på teppet skal bli fiks ferdig til påske.

Til slutt ei lita påminning: Har du ei lånebok frå NLQ, ta den med på møtet, for kanskje har nokon andre lyst å låne den? Dette gjeld spesielt dei nyaste bøkene!

Ingen kommentarer: