søndag 26. februar 2012

Gult og oransje!

Vår og påske er i sikte, det tenkjer Primula Design på også. Neste veke, v 9, er det halv pris gule/oransje stoff i butikken. Red. var innom butikken laurdag, og der var mange flotte stoff i desse fargane.
Bilda i dette innlegget er henta frå søk på Google, så det skal vel mykje til at akkurat desse stoffa er i butikken.
Men når ein driv og surfer på nettet etter fargar og passande bilder å supplere med, så dukkar det alltid opp noko som er kjekt å dele med andre. Under her er det lagt inn bilder av korleis gule og oransje stoff er brukt, ein link til ei flott side er også lagt ut.

Dette bildet over og det under her er lånt frå DENNE sida hos The modern quilt guild. På denne sida er det linkar til quiltarar i alle verdensdelar, og dette ser ut til å være quiltarar som eksperimenterer med fargar, teknikkar. Ta eit besøk og sjå, red. har berre kikka så vidt på nokre av sidene, og det såg interessant ut!



lørdag 25. februar 2012

Husk!

Ein huskefinger,........ har du huska alt eller har du gløymt noko?? Det er iallefall noko veldig viktig du bør huske å gjere snarast om du ikkje har gjort det,.... BETALE KONTINGENTEN for 2012 TIL NLQ!!
No er fristen sett til 29.2, dvs at det er berre 3 dagar i neste veke å gjere dette på! Årsaka til at vi no set ein frist er at kasserer vert bortreist ei veke frå 2. mars og er ikkje tilbake før etter årsmøtet. Så om du skal delta på årsmøtet og ha stemmerett, så må du vere gyldig medlem ved å ha betalt kontingenten, og så tidleg at kasserer får deg på lista før ho reiser!

Summen på kr 200 må betalast inn på kontonr. 3790.13.16660!!!


fredag 24. februar 2012

Nydelig Irish chain teppe!

(Bilda er lånt frå bloggen TeaRoseHome)


Akk så nydelig!
Kom over dette flotte arbeidet på bloggen til Sashiko frå Usa, Tea Rose Home, så eg måtte berre dele dette med fleire. Her er det brukt teknikken "Irish Chain", bakgrunnen for namnet har ho skrive om på bloggen slik:

"A tradition, which had its origin in England, stipulated that a girl must have twelve patchwork quilts in her dowry. The thirteenth was her wedding quilt and would be made only if she married. It was the most beautiful one, often with embroidery and with heart-shaped designs in the stitching."

Det viser seg stadig at det er dei enkle grunnteknikkane som gjev dei beste resultata, iallefall om ein vel fargar med omhu! Og oftare ser vi kor flott det er å bruke mykje lyse stoff i quiltane, då kjem dei fine og sarte fargane til sin rett. Som de ser så er teppet sett saman av niarblokker og kvite kvadrat, enkelt og greitt! Litt tenkjearbeid er der å ha fargene på rett plass for å få rette effekt i stripene på skrå.Sjå også den fine quilta dekoren i dei kvite felta, ser mest ut som det er gjort for hand! Handquilting,......er vi flinke nok til det?? Ville vi hatt tolmod nok til å quilte eit heilt teppe for hand?

onsdag 22. februar 2012

Kursinvitasjon


Vi har fått kursinvitasjon frå vår gode nabo i aust! Same helga som vi har årsmøte og kurs, 9. -11. mars, så er det også kurs i Gloppen lappe- og quilteklubb. Det er Hanne Schneider som er kursholdar, og kurset har den velsmakande tittelen "Gelegodter og stripemoro"!
Bildet er frå bloggen til Gloppen lappe- og quilteklubb

Dei har ledige plassar på kurset sitt, og no opnar dei opp for andre enn klubben sine medlemmar. HER er link til informasjon på bloggen deira. No veit vi at mange av våre klubbmedlemmar skal på kurset som vi arrangerer denne helga, men til dei som ikkje har meldt seg på; No har de sjansen til eit kjekt kurs med Hanne! Andre lesarar som er innom bloggen har òg høve til å melde seg på dette kurset, men ver snar om du ynskjer å sikre deg plass!

På tide med noko vårleg!!


I dag er det Peter Stol iflg. almanakken eller som andre seier: Per Varmestein. Då byrjar jordvarmen å jobbe nedanfrå og opp og det går mot vår,......endelig!

Red. kom over dette vårlege teppet på ei lita surferunde i grålysninga i dag, eit flott teppe med framgangsmåte steg for steg. Teknikken heiter Dobbel timeglass og er sydd på ein utruleg enkel måte!

HER finn du mønsteret, og så er det berre å leite fram dei vårlege stoffa og sy. Og har du fri frå jobb i dag, så er dagen perfekt for sying, for det er atter ein gong meldt om storm på Vestlandskysten vår!!

søndag 19. februar 2012

Restetepper

På siste klubbmøte vart det vist fram ein del arbeid frå kurset "Restetepper" som vi hadde med Nancy Eriksen i januar. Eit utruleg kjekt kurs der vi lærte mykje lurt, bla. å sjå på samansetjinga av blokkene med kikkert!!
Under her er det limt inn bilde av denne kikkerten, det er ein dørkikkert/dørspion som egentlig skal monterast i dører for å sjå kven som står utanfor! Denne er å få kjøpt i byggvareforretningar, men du finn den billigare her:

Biltema: art. nr 88072, kr 49,90
Clas Ohlsson: art. nr 24-751 kr 69,00
12 blokker er nok til ein løpar! Elna er meister for denne.Her ser du eit ekte resteteppe, stoff i alle fargar og er samla sammen med svart! Kjempeflott! Dette har Reidun laga. Her får du brukt alt!
Og Nancy tipsa om at når vi har ein stoffrest, så er det lurt å kutte opp i kvadrat og stripesett i nokre faste str. Alt frå 1 inch og opp til 3,5 inch er lurt å ha liggjande. Sorter dei i boksar som er merka med størrelse, og etter ei stund så er der kanskje nok biltar til eit prosjekt!!Elnas teppe, her har ho ramma inn blokkene med gråfargar.

Inger lise har valt å bruke berre blåfargar, nydelig samansett. Ho har også laga det vesle under.
Anne Marit og Britt lagar i same teknikk, her er dei minste kvadrata berre 1,5 inch, så her får ein brukt dei minste restane. Og her er mange bitar.........

Oppdatering 20.2.12: Mønster til dette teppet på bildet over finn du i siste nr av Quiltemagasinet, nr 1/2012, det prydar framsida på bladet!!

tirsdag 14. februar 2012

Alle hjerters dag!


Valentinsdagen i dag er dagen for alle hjerter! Her handlar det om hjertelig glede, for både sin elskede og kvarandre! Og den egentlige forklaringa til namnet på dagen høyrde red. i dagens morgenandakt!!
Kortversjonen kjem her: Valentin var ein som via forelska par i skjul! For på den tida dette oppstod, fekk unge menn ikkje lov å gifte seg, dei skulle i krigen!! Men denne gode Valentin (ein prest?) visste råd, og let dei gje kvarandre sitt ja i all hemmelighet!

Så i dag har kanskje mange fått ei hyggelig merksemd frå nokon? Frå ein venn eller ein kollega? Viss ikkje får du her sjansen til å vise deg sjølv litt merksemd og sy ditt eige hjerte!

Bildet er henta frå sida 42Quilts, og der finn du òg link til PDF-mønster. Det er mogleg du må registrere deg som brukar av Google Documents for å laste ned mønsteret, det måtte red, men dette finn de ut.

mandag 6. februar 2012

Vekas handletips!

Om du manglar litt lyse stoff i samlinga di, så kan Primula Design hjelpe deg med det denne veka! Då kan du gjere eit kupp på utvalde lyse stoff, og du kan til og med få denne hunden på salg! 50 % rabatt får du på desse stoffa, og har ho ikkje selt ut alt innan tysdag, så tek ho nok med litt på neste klubbmøte òg!

søndag 5. februar 2012

Snøballar på februarmøtet

Februar er i gang, og i siste vintermånaden er det på tide å tenkje litt på våren som snart kjem. Kva passar vel betre då enn å gjere ein SNØBALL om til ein BLOMST???
Dette er temaet på februarmøtet tysdag 7.2, og som de ser, så vil de få lære ny teknikk innan temaet BLOMST som vi fortset med fram til sommaren.

Ingun vil vise oss korleis vi enkelt kan sy denne blokka. Den som vil kan ta med symaskin, men det går også fint å sy litt for hand. Og vil du ikkje sy på møtet men heller ta det heime, så er her eit tips:
  • Ta med stoff du vil bruke
  • Ta med skjæreutstyr og kutt opp alt på møtet
  • Ta med eit flanellslaken til å legge bitane systematisk på plass. Dette brettar du sammen med bitane inni, og då ligg alt på same plass når du kjem heim òg.
Om du ynskjer å kutte opp litt heime før du kjem på møtet, så kjem Ingun til å bruke ma. ein storleik på kvadrata som er 3 inch. Det er same str som er brukt på dei fargerike blomstrane.
Men du treng ikkje å lage blomster av blokka, for blokka er fin i seg sjølv. Her er 4 små blokker sett saman til ein stor snøball! Alle fargar brukast, og som de ser, så passar det kanskje best med ensfarga eller småmønstra stoff. Men kanskje det vert like fint med stormønstra?? Den som prøver får sjå!

Sjå òg større bilder på innlegget frå klubbmøtet i januar i år.Det finn du HER.