søndag 4. mars 2012

Marsmøte!


Bildet og mønster er henta frå Yvonnes.dk

Det er VÅR og då må vel vårblomster være det rette blomstertemaet på neste møte.
Vi har valt ut 2 blomster, ein krokus og ei rose.

Teknikken vi har tenkt å fokusere på er papirsaum/ saum på vliselin med symaskin eller for hand. Vi er vane med å sy med maskin på papir, dette vert litt vanskeleg om ein vil sy for hand. Difor kan du velje om du vil ta med symaskin eller berre synåla!! Om du vil sy for hand, så må mønsteret overførast til eit fast materiale, td. vliselin eller tearaway. Då må ein ta med seg lys så vi får laga oss "lyskasse", for det er truleg ikkje nok dagslys til at vi kan bruke lys frå vindauget når vi skal overføre mønsteret.

Ta med deg det utstyret du treng til syinga, og stoffrestar til blomstane. Dei ferdige blokkene er ca 15 cm, så det er ikkje store stoffbitar du treng.

Denne modellen har bloggred. sydd i dag, Fritt etter originalmønsteret. Denne er med eitt blad, men som de ser kan den òg syast med to blad og ein litt mindre blomst.

Om du ynskjer å sy andre slike blomster, så er her mange fine motiv til papirsaum på DENNE sida. Mønstra er veldig små, så dei må bearbeidast litt på pcen!

Då møtest vi tysdag 6.mars til ein koselig sykveld på Stokkenes Gjestegard!

Ingen kommentarer: