lørdag 9. juni 2012

Blåtur til Selje!




Årets blåtur gjekk til Doktorgarden i Selje. Dette er ein gammal villa frå tidleg på 1900-talet som no er ombygd til galleri, kafe og overnattingsplass. Der er også eit flott utsal av ulike kunstprodukt, bøker frå Selja forlag, og i kjellaren er det akkurat no separatutsilling av kunstnaren Finn Egil Eide frå Nordfjordeid.Vel verdt eit besøk for dei som er i området.




Overraskinga til oss var i galleriet i kjellaren! Her stod Ati frå Selje med ei stor separatutstilling som var laga til berre for oss!! Ati kjem opprinneleg frå Nederland, og byrja med tradisjonell quilting der. No har ho utvikla sin eigen stil der ho mellom anna brukar mykje Crazy quilt med broderi på, med knappar, blonder, band mm.



Sjå på dette flotte arbeidet! Her er det brodersting i alle fasongar, ho fortel at ho diktar opp kombinasjonar av sting. Utruleg arbeid!!! Dette teppet er sydd i ullstoff, og blir nok eit varmt og godt teppe til å ha over seg. Tepper skal vere brukstepper, seier Ati!!

Vil du sjå meir av det Ati lagar, så kan du besøke bloggen hennar HER.



Dette er ein Japaninspirert quilt!

Vi hadde ein flott kveld i Selje, og som vanleg hadde vi spesielt god mat!! Ei fantastisk rykande varm og tjukk fiskesuppe fall i smak hos alle. Og jammen måtte dei ha kokt i store panner, for vi var over 30 stk som møtte opp, ny rekord i frammøte på ein blåtur!
Sviskekake og kaffi til slutt gjorde at kvelden var perfekt!!

Du finn også omtale av blåturen på bloggen til Strikkemor(o) og Tiril Sol

Det kjem litt fleire bilder  i eit seinare innlegg.

Ingen kommentarer: