onsdag 6. juni 2012

Quiltebesøk!!

Denne veka går det slag i slag med kjekke opplevingar. Etter ein flott blåtur til Selje i går 5.6 (reportasje kjem seinare), så er vi no klare for å ta imot besøk frå Molde. Over 20 quiltedamer tek turen til Nordfjordeid denne helga, der dei har planlagt allsidig aktivitet. Les om det HER.
Men dei har òg ynskje om å treffe medlemmane i klubben vår, noko vi synest er veldig kjekt, så vi har laga til eit lite arrangement laurdag ettermiddag.

  • Vi møtest i Gjerdane barnehage på Nordfjordeid kl 16-18 til "ettermiddagskaffi".
  • Vi har "Vis og fortel" for kvarandre.
Vi håper at så mange medlemmer som mulig kan ta seg tid til å møte opp då, og husk å ta med deg noko å vise fram. Det treng ikkje vere noko nytt som du har sydd, for desse gjestane våre har nok ikkje sett noko av det vi har laga dei siste åra!!
Det er òg fint om du kan ta med deg ei kanne med kaffi og møte opp i god tid så vi hjelper til med å lage alt klart.

Velkomne!

4 kommentarer:

ahli sa...

Vi gleder oss.

Astrid

Trines hobby sa...

Skal bli kjekt å treffe andre quiltedamer:)
Trine

Edny sine puslerier sa...

Eg gleder meg kjempemasse! Tusen takk for at de både vil ta imot oss, og vere saman med oss;)

Elisabeth sa...

Dette blir kjekt. Jeg gleder meg:))
Elisabeth