søndag 10. juni 2012

Sommarfest!


Så er sommaren begynt,..... med ein herleg sommarfest! Med mange gjester, nærare 40 vart vi!! I år vart det ikkje ordinær sommaravslutning på klubbdagen vår i juni, denne dagen hadde vi blåtur. Vi har hatt tradisjon for å lage utstilling til oss sjølve på siste møtedagen i juni, og det var litt rart å ikkje arrangere det. Men kva skjer??
Denne helga kom 23 ivrige quiltedamer frå Molde på besøk til Nordfjordeid. Etter ein lang dag med shopping på dei to quiltebutikkane våre, Primula Design og Lappestua, så tok dei turen til treff med oss i Gjerdane barnehage.















Vi hadde invitert dei på ettermiddagskaffi med "Vis og fortel", og dagen kunne ikkje ha vore meir perfekt. Etter klar himmel og sol først på dagen, skya det litt over ut på ettermiddagen, både lys og varme vart akkurat passeleg! Quiltearbeida våre svaia i svak bris rundt om på gjerder, i tre, på tak og småting låg på benkar, og tok imot gjestane våre med alle dei flotte fargane. 






Og med eit langbord med herlig kaffimat, så kunne ikkje dagen blitt bedre. Var det nokon som sakna sommaravslutninga vi skulle ha hatt???? Nei dette var mykje betre, for dette var SOMMARÅPNING!!!
Denne kaka heiter Evas pausekake, ein skikkelig godbit, og vi brukar å få oppskrifter med dei som lagar kaker.

Gjestane våre hadde òg med seg mykje til "Vis og fortel", bilder av det kjem i del 2. Det kjem òg litt meir bilder av vår utstilling.












Til slutt må Haldis og Elna ha stor takk for at dei tok initiativ til å lage til  dette arrangementet akkurat her, dei jobbar begge i Gjerdane barnehage og hadde lagt svært godt til rette for at dette skulle bli bra. Og det vart det!!
GOD SOMMAR til alle medlemmane våre og til gjestane frå Molde!

4 kommentarer:

Magnhild sa...

Dette var hyggeleg! Fint ver, ei flott utstilling, mange gode kaker og trivelege lappedamer! Tusen takk!

Elisabeth sa...

Tusen takk for ei trivelig stund. Kjekt å treffe likesinnede i en slik setting. For en velkomst med quilter som vaiet forsiktig i brisen, i trær, på bord og på gjerder, og DET KAKEBORDET i midten.
Igjen TUSEN TAKK og god sommer til dere også.
Elisabeth

Edny sine puslerier sa...

Vi blei heilt overvelda av ein slik velkomst! Nydelege quiltar som vinka til oss som kom spente oppetter vegen. Og dei herlege kakene og bakverket! Takk for at vi får oppskriftene også!
Denne helga vil eg leve på lenge;)
Tusen takk!

Trines hobby sa...

Tusen takk for ein kjempefin velkomst, kjekt å treffe dokke! Nydelig utstilling og eit ubeskrivelig kakebord! Gleder meg til å få alle oppskriftene. Dette var verkeleg påfyll for både kropp og sjel:) Ønsker alle ein fin sommar, og nok eingong Tusen takk!!
Trine