søndag 29. juli 2012

Kviltsystrarna i Varberg


Bloggred. er på ferie, i Halland i sør-Sverige. Som quiltar har ein alltid eit auge til både stoffutsalg og utstillingar, og denne gongen vart det virkelig klaff. På veg sørover vart det besøk hos både Ikea og Stoff og Stil i Gøteborg, og hos ein stoffbutikk i Varberg. 


Når ein har feriert i eit område over fleire år, så er det visse plassar ein berre må besøke kvar gong ein er i området. Og som alle år før, så vart det ein tur innom kystperla Träsløvsläge, rett sør for Varberg. Denne gongen vart det virkelig i oppleving her, for eg visste frå annonse i Quiltemagasinet at Kviltsystrarna, quilteklubben i Varberg, skulle ha utstilling her. I eit koselig gammalt fiskeribygg på hamnen var det laga til ei flott utstilling med namnet "Jorden rundt", namnet kom frå teknikken til eit lotteriteppe dei har laga til denne utstillinga.
 Bloggred. kom i god kontakt med to damer frå klubben der, og Eva, leiar i klubben på bildet under, fortalde at denne utstillinga har dei kvart år i veke 30. Så her er det berre å planlegge ferien neste år for dei som vil ta eit besøk hit.

Eg fekk lov til å ta mange bilder frå utstillinga, det skal komme fleire seinare, men akkurat no så er det så tregt internett på campingplassen at det får bli med desse bilda.

God sommar vidare til alle heime!

Helsing frå
Mariann

mandag 2. juli 2012

Sy deg toalettveske/sminkepung!

På bloggen til Marte Mølstre finn du ein detaljert framgangsmåte til denne toalettveska/sminkepungen. Om du aukar opp mønsteret ein del, så kan du bruke den til strikkeveske eller til å ha sommarlege syarbeid oppi!!


Her er det brukt blondeglidelås, noko som gjer den ekstra fin. HER er link rett til innlegget med "steg-for-steg"!

OPPDATERING 22.1.16: Fekk melding om at linken ikkje virkar, og det ser desverre ut til at sida er nedlagt. Tek gjerne imot tips om link til liknande mønster som vi kan linke til!

søndag 1. juli 2012

Juli og høgsommar!

Det er blitt Juli på kalendaren, og visst nok HØGSOMMAR! Det vil seie at sommaren skal være på sitt beste med sol og varme, uteliv og kos i hage og på veranda.
Vi kan gjerne sitje ute med quilten vår, eller være ute og sjå på ein ferdig quilt???
Under her er eit kåseri underteikna hadde på klubbmøtet i mai,......der draumen om korleis ein sommarduk skal sjå ut og korleis den skal være ein del av vår sommaroppleving.




DEN ULTIMATE SOMMARDUKEN!





Så er det blitt sommartid og vi ser fram til varme sommardagar der vi bur meir ute enn inne. Der vi kan sitje ute og sy på verandaen, og deretter nyte ein sommarleg quilt.  Draumen om den ultimate sommarduken dukkar opp, og for at den skal bli perfekt, så er det mange krav for at dette skal bli den rette tenkjer eg.
Sjølvsagt er det fargane som er avgjerande, sjølv om mønsteret og størrelsen også tel med. Men mønsteret skal ikkje ta susen frå det rette fargevalet, så difor må fargane gje dei rette assosiasjonane.

Sommartida er lys og lett, med lyse netter og friske fargar rundt oss. Duken må også ha dette som hovedtone, med lyse stoff iblanda stoff som minner om alt det sommarlege som skal skje rundt den.

Blant anna dette:

Duken skal liggje på bordet når eg sit ute dei tidlege sommarmorgonane, når det kjem lett fuglesong gjennom lufta og humlene surrar i det doggfriske blomsterbedet mitt rett ved sida av, når Nitimen spelar sine herlige sommarsongar med Lillebjørn Nilsen sin song om ”Tanta te Beate” og Fabel sine songar om ”Jordbær og grasbrann ”og deretter ein herleg ”Dunk, dunk , dunk” båtmelodi dei også har laga. ”To pilsnere i ei snor” høyrer sjølvsagt også med.

Duken ligg der litt åleine medan sola steikjer på det varmaste midt på dagen, men om litt dukkar den første rabarbrapaien opp på bordet i lag med rykande fersk kaffi i krus som akkurat matchar fargane i duken. Paien  med lysegul vaniljekrem i lag med raudgrøn rabarbra i midten og kvite melisstriper oppå, står midt på duken i lag med ei glasskål med kald vispa krem. Det både smakar og ser godt ut!

Når sola byrjar å lage lange skuggar i geografien, så tek duken på seg sine ”mørkaste fargar”, for no er lyset annleis. Stemninga vert også litt annleis, for her dukkar det opp ein knaskande salat i grønt og syrlege fargar, ein sprø lysebrun baguett ligg lett over duken oppi ei sommarleg korg, det innerste lyse i det ferske brødet ligg berre og ventar på det gule Bremykt-smøret og dei sarte rosa rekene like ved.  Det kjem ein sval bris frå havet som stryk oss over hud og hår og  den salte og friske sjølufta prikkar i nasen medan vi nyt ein kald sprudlande cider til maten og dei lekre fargane på bordet.

Jau, no har eg nok bestemt meg for kva fargar den ultimate sommarduken må ha! Her treng eg den lyse fargen for lyset og roen, den litt syrlege fargen for dei friske og spennande smakane som ein sommarmeny har, eit stenk av blågrøne tonar som samlar både himmel og hav, til slutt dempa ned av ein mørkare farge som vi treng for å få kvile når dagen er over.

Eg ser duken for meg, passande til alle anledningar ute i den komande sommaren. Men når regnbygene og den sure vinden plutselig slår inn over den vakre kysten vår, då kan eg legge på sommarduken min inne for å nyte den, sjå på den og tenkje på alle anledningar som eg har hatt i lag med den. Så kan eg vaske den, stryke varsomt over den  og igjen glede meg til fleire  sommaropplevingar ute så snart dei grå skyene dreg sin veg.

Ein sommardukdraum frå Mariann

Dei to bilda oppe i teksten er av underteikna sin uferdige duk!! Det er travle tider både ute og inne, så det har ikkje blitt sying enno, men kanskje det blir litt tid til sying på verandaen når ein snart får sommarferie??







Desse to bilda vert nok redninga i denne samanhengen. Aud L. frå Svelgen har sydd sin ultimate duk, spesialsydd,..... den er trekanta! Og med lette sommarlege fargar som i ei blomstereng! Takk til Aud som tok med denne duken eins ærend på blåturen for å vise fram sin sommarduk!!