fredag 31. august 2012

Snart Låvemesse!!

Bildet er frå lokalavisa Fjordabladet.

No er det berre få timar att til årets store Låvemesse ! Etter suksessen i fjor, så prøver vi i år også med salsmesse laurdag og søndag. Nytt i år er at det også vert arrangert Open gard i same gardstun søndagen, så her kjem det nok til å bli folksamt!!

I kveld har ein stor dugnadsgjeng halde på med rigging av messa, og det bugnar av hundrevis av salsvarer! Heilt utruleg kva flittige medlemmar  har laga, og det er høg kvalitet på det som vert lagt ut for salg. I tillegg til det våre medlemmer stiller ut, så vert tunet også fyllt av andre stand med handverksprodukt og ulike slag matvarer. Ein skikkeleg gammaldags marknad nesten!!!

Vi gler oss, og det gjer sikkert kundane våre også!

onsdag 8. august 2012

Natronkakebakeri!!

Nybaka natronkaker ved Nordfjorden!!

Det er dugnad i klubben, for no er det under ein månad att til Låvemessa!! 2. og 3. sept er vi i sving med ei ny flott messe, og denne gongen skal vi iallefall ha nok natronkaker! I fjor forsvann alle på ein halv time, så no skal vi vere godt budde på mange gjestar i kafeen vår!

Og her var det god stemning då Laila sette i gang med framgangsmåte, full sjekk at alt var hatt oppi, røring nesten i takt og antydning til song over bollane à la sylteproduksjonsvideoen til Røra jordbærsylte!!


Aslaug og Laila har vore primus motor her, Aslaug har handla inn store mengder med råvarer og Laila ordna med flott lokale på Stårheim bilverkstad!! Takk til dykk begge for dette.



Deigen skal vere litt seig, for den skal leggast i ein bolle med mjøl og "rullast" litt i hendene før den skal på steiketakka.
Her lagast det ein liten bolle...
...og så er den komt på takka for steikeing, bollen vert klappa flat på takka.
Skåler med mjøl står klare til å ha deigen oppi.

Fint lysebrune skal dei vere, ikkje ha for varm takke, på styrke nr 7 seier Laila er passe!




Litt mjøl på takka før første natronkake skal steikast. Husk å pusse av mjøl som er blitt brunt.


 Vi var flittige i arbeidet, 9 av medlemmane møtte opp, takk til dei for innsatsen, for på vel 2 timar så laga vi ca 550 natronkaker!!!!!






fredag 3. august 2012

Sommarfuglar i store mengder!


Sommarfuglar i hundrevis,....ja kanskje vi har sett nokre i sommar, men vi kan iallefall sy våre eigne viss ikkje! Kom over mønster til denne blokka på bloggen Red Pepper Quilts, og den er enkel å sy. Du treng ein 60 grader linjal for å følge denne oppskrifta.
HER kjer du rett til framgangsmåten,, den er på engelsk men har gode bilder så den er lett å følge. No er det berre å håpe på at det dukkar opp nokre sommarfuglar på første klubbmøtet i september også!!