onsdag 8. august 2012

Natronkakebakeri!!

Nybaka natronkaker ved Nordfjorden!!

Det er dugnad i klubben, for no er det under ein månad att til Låvemessa!! 2. og 3. sept er vi i sving med ei ny flott messe, og denne gongen skal vi iallefall ha nok natronkaker! I fjor forsvann alle på ein halv time, så no skal vi vere godt budde på mange gjestar i kafeen vår!

Og her var det god stemning då Laila sette i gang med framgangsmåte, full sjekk at alt var hatt oppi, røring nesten i takt og antydning til song over bollane à la sylteproduksjonsvideoen til Røra jordbærsylte!!


Aslaug og Laila har vore primus motor her, Aslaug har handla inn store mengder med råvarer og Laila ordna med flott lokale på Stårheim bilverkstad!! Takk til dykk begge for dette.



Deigen skal vere litt seig, for den skal leggast i ein bolle med mjøl og "rullast" litt i hendene før den skal på steiketakka.
Her lagast det ein liten bolle...
...og så er den komt på takka for steikeing, bollen vert klappa flat på takka.
Skåler med mjøl står klare til å ha deigen oppi.

Fint lysebrune skal dei vere, ikkje ha for varm takke, på styrke nr 7 seier Laila er passe!




Litt mjøl på takka før første natronkake skal steikast. Husk å pusse av mjøl som er blitt brunt.


 Vi var flittige i arbeidet, 9 av medlemmane møtte opp, takk til dei for innsatsen, for på vel 2 timar så laga vi ca 550 natronkaker!!!!!






Ingen kommentarer: