søndag 21. oktober 2012

Fat quarter stars!

Bedre seint enn aldri, slik er det når ein ikkje oppdagar det når det skjer spennande ting på nettet. Kom over ein "along" på ein blogg som gjekk ut på dato i mars i vår, mange flotte stjerner til eit teppe. Fat Quarter Stars Quilt Along heitte den, men overraskinga var gledelig då bloggred. klikka seg vidare og vidare og kom fram til at alle mønstra låg tilgjengelege!!


Det er bloggen Moosequilt som har lagt ut link, og HER kjem du rett til "alongen", gratis mønster!! Litt nede på sida kjem du til mønster til 12 blokker.

Det er nok mange som har vore med og sydd slike stjerner, HER kjem du til eit Flikr-album på nettet med bilder av mange ferdige arbeid.


På bloggen til  Myequiltingoglittannet (Merete på Quiltekroken i Bergen) fann eg ma. desse stjerneblokkene, sydde i flotte stoff i friske fargar. HER finn du alle innlegga av stjernene ho har sydd. Ho har brukt ma. stoffa Soul Blossoms by Amy Butler, flotte fargar!!


Alle bilda av dei sydde blokkene er frå bloggen til Myequiltingoglittannet.

Ingen kommentarer: