mandag 1. oktober 2012

Oktobermøte!

Det er allereie tid for klubbmøte igjen, 2. oktober møtast vi på Stokkenes Gjestegard.
Temaet på møtet er vel inga overrasking, og det vert delt ut mønster til Baltimoreblokk nr 2 av  til sammen 9.
Denne blokka vert det mønster til på møtet.

Husk å ta med lyst stoff/ fin lerret, sysaker, frysepapir/omslagspapir til kopipapir og stoff til applikasjon.  Ta òg med ein mjuk blyant ( HB eller 1B) om du vil overføre mønsteret til stoffet med blyant.


Dette teppet har Elna sydd og som de ser er det fin balanse mellom type blokker og plassering av dei. 4 ringar i hjørna og det er lagt vekt på tyngde i midten og nede. Dette er noko de må tenkje på i valet av blokker. Vi kjem til å la dykk vere med på å bestemme neste blokk, det kan vere av dei vi allereie har i klubben til dette teppet, eller vi kan finne nokre nye frå den siste boka vi har kjøpt.



Ingen kommentarer: