onsdag 7. november 2012

Ein draum av ei kake!!

Denne kaka gjorde det godt på siste klubbmøtet, så godt at det vart spurt etter oppskrifta. Og som vanleg så får bloggred. ja frå bakaren, så mange takk til Laila B for at ho deler med oss.













Her er oppskrifta:

 LAILAS  GODE FRUKTKAKE

4 eggekviter
3 dl sukker
250 g malte mandlar

Steik på nederste rille v/175 gr i 30 min. 26 cm form.

Gul krem: 

4 eggeplommer
100 g sukker
1 dl fløyte
1 ts vaniljesukker

Bland alt og kok opp på svak varme.

Den gule kremen skal leggast på marengsbotnen der den skal stivne.

1 pl lys kokesjokolade smeltast i vannbad, dette skal leggast opp på den gule kremen.

1 pk fløyte vispast til krem og ha den på laget med sjokolade når det er blitt kaldt.

Pynt med friske bær, her er det brukt hermetiske mandariner, jordbær og kiwi.

Ingen kommentarer: