søndag 30. september 2012

Haustblokker til kalendar 2012


SEPTEMBER
To nye blokker til kalendaren som ein del av medlemmane syr! Det er Randi Røys som har teikna og sydd desse blokkene, inspirasjon har ho henta frå ein papirkalendar.

Første innlegg om denne kalendaren kom i juni, HER kjem du rett til innlegget.


OKTOBER

Mønster til blokkene vil komme på epost til medlemmane som før, og på papir til dei som ber om det.

Tilbod hos Primula Design!

 Komande veke, 1.10-6.10, har Primula Design   HALV PRIS på utvalde brune stoff!! Dette er eit godt tilbod, så nytt høvet til eit besøk i butikken!
Dette bildet er frå butikken sommaren 2009, så om desse stoffa finst enno, er usikkert.

torsdag 27. september 2012

Inspirasjon frå Quiltekroken!

 Sist veke var underteikna på tur til Bergen, og då er eit besøk hos Quiltekroken obligatorisk! Ein må liksom innom der for å ikkje gå glipp av noko nytt og spennande!
Og som vanleg brukar eg å spørje om å få ta bilder til bloggen vår, og eg har alltid fått JA! tusen takk for det Quiltekroken! Vi har mange medlemmer i klubben som likar å besøke denne butikken når dei er i Bergen, og då er det kjekt å vise litt av det dei kan vente å finne der akkurat no.



 Her er alltid idear og inspirasjon å hente, for her er ei utruleg flott blanding av ferdige modellar blanda med forslag til bruk av stoff. Og mønster finn vi alltid i nærleiken.












 Denne toalettveska er ein kursmodell.
 Dette store Dukkehusteppet er eit månadsabonnement, og eg fekk vite i butikken at der er enno ledige pakkar att, så det er berre å ta kontakt med butikken.






 Her var også ei lita avdeling med stoff og modellar til jul!

Tusen takk  igjen til butikken for at det var høve til å ta desse bilda! Helsing alle oss medlemmane i klubben!

mandag 17. september 2012

Klubbmøtet i september


Bilder frå sesongens første quiltemøte, her var ikkje den store mengda med ting til Vis og fortel, men det har si forklaring! Møtet var berre 2 dagar etter den flotte Låvemessa der det meste var vist, og mykje vart selt!




Nyt denne blottande ugla!! Flott nålepute laga av Siv!

Dette juletreteppet er ein kursmodell som Siv/Janome skal ha på eit kurs no i haust. Modellen er laga av Patricia Iden.