tirsdag 27. august 2013

...og dei baka og baka.....

.......og baka, ja dei baka i hundrevis  med NATRONKAKER i år også! Mellom 500 og 550 kom det rapport om, og bilda viser at dette stemmer nok!




Om du har lyst til å bake Natronkaker, så kjem den lokale oppskrifta her:

2 l kefir
1 pk natron (40 g)
1 toppa ss vaniljesukker
500 g sukker
ca 2 kg kveitemjøl

Kakene klappast ut i ein mjølbolle, dei skal være litt lause. 
Steikjast på takke på middels varme ( brytar på 7).

Det vert ca 75-80 stk av denne oppskrifta.

Ein flott dugnadsgjeng !
 Takk til alle som brukte denne fine kvelden til storbakst!
 (fotograf Laila U. P.)

søndag 25. august 2013

No startar vi!!

Ja no startar vi opp! Både med førebuing til Drivhusmessa og til haustens aktivitetar i klubben. Dei som var med på Blåturen, fekk eit lite innblikk i haustens program. Det vert lite tid til overs om du skal vere med på alt, men det beste er at det er berre kjekke ting vi skal drive med!!!

I morgon vert det baking av Natronkaker, og det er kjekt å høyre av bakermester Laila UP at det har meldt seg passeleg med bakarar til denne dugnaden. Denne dugnaden vert på Stårheim, 15 km vest for Nordfjordeid. Bildet under er teke frå ei seter som ligg litt opp og vest for sentrum av Stårheim (Røedsetra), utsikta er mot aust der ein ser Nordfjordeid i fjordbotnen.

Om vel ei veke, 3. september, vert det medlemsmøte på Stokkenes Gjestegard. Tema vert då siste finpuss av det som skal på plass til Drivhusmessa, det gjeld både organisering og ferdiggjering av salsvarer.

Denne messa går føre seg i sentrum på Nordfjordeid 14. - 15. sept,  samtidig med at årets Eidamesse finn stad. 

Vi får disponere eitt av dei store drivhusa til Hildenes Gartneri til utstillingslokale,.... dette vert eit spennande prosjekt! Og vi gleder oss til det yrande livet i gata, og til at mange nyskjerrige kundar kjem innom drivhuset for å finne ut kva ei Drivhusmesse er!!!

Bildet over er av Nordfjordeid med utsikt vestover Nordfjorden der havet ligg ca 5 mil lenger ute. Desse naturbilda kunne like gjerne vore tekne i dag, for så vakkert har vi hatt det akkurat no!!

søndag 18. august 2013

Drivhusmesse!!

Det nærmar seg årets store arrangement i klubben vår!!! No er det under ein månad til vi skal arrangere det vi har kalla salsmessa vår for : Drivhusmesse! 14. og 15. september er datoane!
Vi har i to år arrangert Låvemesse i Leivdalen med stor suksess, men for å ikkje gjenta oss sjølve til det vert litt kjedeleg, så vil vi år prøve noko nytt.
I vinter dukka det opp eit tilbod om å få bruke lokala i eitt av drivhusa til Hildenes Gartneri på Nordfjordeid.

 Heile tida fram til sommaren er over bugnar drivhusa av egenproduksjon av blomster, men i september er der tomt, nyvaska og klart for ny produksjon litt seinare.

Dette tykte vi var veldig spennande, og når vi legg salsmessa vår til helga det også vert Eidamesse, så vert det eit yrande liv både i gata og sikkert i messeområdet vårt!! Vi vil gjerne vise folk i regionen vår kva vi held på med i klubben vår, og når vi har dei to quiltebutikkane våre Primula Design og Lappestua berre eit par hundre meter unna, så er også vegen kort frå inspirasjon til innkjøp!!!


Det vert mange flotte arbeid til sals inne i drivhuset, noko vil henge ned frå taket og noko vil ligge på drivhusborda. Her finn ein alt frå småting som toalettvesker, kuvertbrikker, vesker, til strikkavarer, flotte lokalt designa og produserte barnekle og til større ting som bordløparar, veggtepper og sengetepper.

Vi håpar også at mange får med seg det flotte lotteriet vårt, her er mange gevinstar som td. dugnadsarbeid i klubben som har resultert i ein nydeleg "Dear Jane"-løpar 


og ei Baby-Born dukke med stor klekolleksjon og fullt utstyrt seng.


Meir info om Drivhusmessa vår vil komme her på bloggen, vi kjem til å få med ein reportasje i Regionavisa når datoen nærmar seg og vi håpar også at lokalavisa vår Fjordabladet vil skrive litt om salsmessa vår i forkant. Om nokon treng meir informasjon om arrangementet, så er dei fleste i styret tilgjengelege på sms og epost no framover.

søndag 11. august 2013

Haustens første kurs

Sommarferien er snart slutt, iallefall for underteikna, litt trist kanskje, men gle dykk, det er godsaker i vente!!
Haustens første kurs er ikkje langt unna, om knapt 7 veker så kan du delta i Buggy Barn kurs der Marie Myklebust frå Breim vil lære oss å sy hjerteblokker.

Kurset vert 28. og 29. sept. på Stokkenes gjestegard, påmelding vert på klubbmøtet i september. Set av helga, for dette vert eit kjekt kurs. Alle bilda under er lånt frå bloggen til Gloppen lappe-og quilteklubb, der har mange av medlemmane gått på eit slikt kurs.






Når ein ser så flotte og fargerike quiltar, så kriblar det i sylysta,  så no er det berre å begynne å plukke fram stoff som du vil bruke. Og som du ser, så vert det like fint same kva fargeskala ein vel. Dette kjem til å bli eit flott kurs, vi gler oss!!


torsdag 8. august 2013

Oppstart på ny og aktiv sesong!

Ja damer, det er på tide å komme i sving igjen!
Mange har nok fått sydd mykje i regnveret denne sommaren, og no håpar vi at de er i god rute til Eidamessa 13. -15. september.
Husk å lage ein gevinst til lotteriet vårt, og så håpar vi at de har laga flotte produkt til salsmessa.

Men første "møtet" vårt vert allereie 26. august, då førebur vi oss til messa ved å ha dugnadsbaking av NATRONKAKER! Vi skal ha natronkaker både til salg i posar og til kafeen vår.

Bakinga  vert måndag 26.8 kl 18.30 og vil foregå på same plass som i fjor, kantina på Stårheim bilverkstad.
Det vert ordna med innkjøp av alt vi treng til bakinga, men det vert truleg behov for at nokon tek med seg takke.
Vi oppmodar medlemmane om å stille opp på denne dugnaden, og er det så at du ikkje kan å lage natronkaker, så er dette din store sjanse til å lære deg dette no.  Det er å merke seg at det ikkje er plass til alle medlemmane i lokalet, så om vi får eit luksusproblem med mange påmelde, så må vi kanskje prioritere dei som ikkje var med i fjor. Dei som no ynskjer å vere med, tek kontakt med Laila U. Piel snarast så vi får oversikt.

HER finn du innlegget om dugnaden i fjor, og som de ser, så hadde vi det veldig kjekt i lag med både å bake og å smake!! Og vi laga 550 kaker!! Om de vil prøve ut bakinga før vi møtest, så finn de oppskrifta på innlegget frå i fjor.

Då håper vi på mange frammøtte denne dagen!! Velkomne!