søndag 25. august 2013

No startar vi!!

Ja no startar vi opp! Både med førebuing til Drivhusmessa og til haustens aktivitetar i klubben. Dei som var med på Blåturen, fekk eit lite innblikk i haustens program. Det vert lite tid til overs om du skal vere med på alt, men det beste er at det er berre kjekke ting vi skal drive med!!!

I morgon vert det baking av Natronkaker, og det er kjekt å høyre av bakermester Laila UP at det har meldt seg passeleg med bakarar til denne dugnaden. Denne dugnaden vert på Stårheim, 15 km vest for Nordfjordeid. Bildet under er teke frå ei seter som ligg litt opp og vest for sentrum av Stårheim (Røedsetra), utsikta er mot aust der ein ser Nordfjordeid i fjordbotnen.

Om vel ei veke, 3. september, vert det medlemsmøte på Stokkenes Gjestegard. Tema vert då siste finpuss av det som skal på plass til Drivhusmessa, det gjeld både organisering og ferdiggjering av salsvarer.

Denne messa går føre seg i sentrum på Nordfjordeid 14. - 15. sept,  samtidig med at årets Eidamesse finn stad. 

Vi får disponere eitt av dei store drivhusa til Hildenes Gartneri til utstillingslokale,.... dette vert eit spennande prosjekt! Og vi gleder oss til det yrande livet i gata, og til at mange nyskjerrige kundar kjem innom drivhuset for å finne ut kva ei Drivhusmesse er!!!

Bildet over er av Nordfjordeid med utsikt vestover Nordfjorden der havet ligg ca 5 mil lenger ute. Desse naturbilda kunne like gjerne vore tekne i dag, for så vakkert har vi hatt det akkurat no!!

Ingen kommentarer: