lørdag 9. november 2013

Julekurs!

Klubben vår arrangerer julekurs  23. og 24. november v/Ingun Vaksdal frå Primula Design.

I haust har vi hatt fokus på bruk av linjalar på kursa, dette julekurset vert også eit linjalkurs. Vi har svært gode erfaringar med dei nye linjalane av ulike slag, at vi har valt dette no også.
Det er også ei bok til, og om du ser godt på framsida, så står der at det er 250 ulike blokker ein kan sy!!

Denne gongen er det linjalen Lazy Angle som er hovudfokus, men det vert også høve til å bruke andre linjalar. Vi har sett at ein linjal som er enkel å sjå til, kan gje utruleg mange former i ei blokk. Når vi så er mange i lag på kurs og alle vel sine fargar, ja så vert det utruleg mange inspirerande blokker som vert sydd. Lazy Angle har hundrevis av moglegheiter, så dette gler vi oss til å delta på.

Det var påmelding på siste klubbmøte, vi har nok påmelde til at kurset kjem i gang, men det er nokre ledige plassar att om det er fleire som no vil vere med.

Ingun har laga nokre kursmodellar, fleire er under arbeid. Om du har spesielle ønsker om blokk, ta kontakt med Ingun, så førebur ho eit opplegg til deg!!





Du kan sjølvsagt sy i fargar som ikkje er typisk jul, dette teppet vart vist på eit klubbmøte i vår.

Det vert også høve til å prøve denne blokka under her, den er ikkje sydd vha. linjal, men av maler. Flott blokk med "sirkeleffekt" når ein set saman fleire blokker. Den heiter Winding Ways.

 Dette bildet er frå bloggen til Gloppen lappe- og quilteklubb.
 Dette bildet og dei andre under er henta frå søk på Google.
 Her ser du tydeleg sirkelformene når ein set saman fleire blokker.

Som før når vi har ledige plassar, så inviterer vi også "ikkjemedlemmar" til å delta på kursa våre. Vi presiserer likevel at medlemmar i klubben har førsteretten til plass på kurset om det er mange som no vil melde seg på. Så om medlemmer no vil delta, ta kontakt snarast med kursansvarleg Ingun.

Vi sender også invitasjon til Gloppen Lappe- og Quilteklubb om nokon der vil melde seg på, elles kan andre som ikkje er medlem i klubbar også få delta. Kontakttelefon for påmelding er til kursansvarleg Ingun Vaksdal tlf 57861395 kl 10-16.30.

Ingen kommentarer: