søndag 29. desember 2013

Januarmøte 2014!!

Då er det snart 2014, og det er vel mange som gledar seg til å starte opp eit nytt og aktivt quilteår!
Neste quiltemøte er like om hjørnet, og tysdag 7. januar kl 18.30 møtest vi att på Stokkenes Gjestegard som vanleg!

Vi tek like godt ein pangstart på dette møtet der vi har Quiltekafe og kosar oss med medbragt syarbeid.
Bildet av koppen er lånt frå bloggen til Lappedamen! Flott kopp!

OG.........
Etter suksessen frå maimøtet, så prøver vi oss igjen med LOPPEMARKNAD! Her kan du legge fram til sal quilterelaterte saker og ting du ikkje har bruk for, og vi strekkjer oss også til å la det gjelde andre handarbeidsting også. Bøker, mønster og blad er kjekke ting å få kjøpt for ein rimeleg sum. Minner då om at de må merkje varene med pris og namn og det er eigaren som sjølv ordnar med betalinga.

På desembermøtet var det info og påmelding til minikurset (3 t) vi skal ha med Marie Myklebust torsdag 23.1, dersom nokon fleire vil delta, må dei melde seg på seinast på dette klubbmøtet.

Vi lærer å sy ein flott løpar/festremse i ein god crazy-quilt-teknikk!

 To artige crazyquilt løparar, så enkelt  men så dekorativt!! Dette skal bli ein kjekk kveld, vi gledar oss Marie!!!

søndag 1. desember 2013

Desembermøte!

Det er allereie blitt desember, og tysdag 3.12 er det igjen tid for julemøtet vårt.
Vi har laga oss koselege tradisjonar for desembermøtet, og vi skuffar ikkje i år heller, det blir "the same as every year"!!
Både Julekomiteen og styret har førebudd seg godt, og vi ser fram til koselege timar i lag. Torunn har også sendt ut julebrev på epost og pr. post, så vi håpar at alle har fått lest dette.

Det vert også ein ukjend aktivitet på møtet, ikkje eingong underteikna veit kva vi skal gjere på. Det kan vel være lurt å ta med seg vanlege sysaker for kjekk handsaum får vi tru??

Styret har også ei lita oppfordring til eit spesielt "Vis og fortel" denne gongen. Vi har ikkje heilt kontroll på kor mange år vi har fått Siv på Lappestua til å lage til ein julete syaktivitet for oss, men mange er det blitt. Og mange fine figurar har det også blitt, og nokre ligg kanskje og ventar på å bli ferdigsydde??
Difor ynskjer vi at de tek med dykk alle desse små tinga de har laga på julemøta så vi får sjå kva vi har gjort opp gjennom åra! (og kanskje vert nokre endeleg ferdige denne kvelden også??)

Vi håpar også at de tek med dykk det som de har sydd på kursa i haust, for jammen har det blitt mange kurs!!
På møtet vert det også info om kurs etter nyttår, det er stadig noko nytt å lære!!
Velkomne til møtet!