søndag 31. mars 2013

Velkommen til aprilmøte!

Om få timar er det april og når påska er over, så er det rett på igjen med klubbmøte!! Kjekt at kvardagen kan starte så flott, for tysdag 2. april møtast vi att til klubbmøte!

Så nokre oppfordringar:
  • Denne gongen ynskjer vi at du tek med deg Baltimore-arbeidet,... både til å sy på og til å vise kva ein har fått til så langt. Vi kjem til å dele ut 9 blokker til saman, og det er fint om så mange som mogleg prøver seg på ei eller fleire blokker.

  • Kurs: Så vil vi gjerne at dei som gjekk på årsmøtekurset, tek med seg og viser det dei laga på kurset og evt. heime etterpå. Det er også fint om de vil ta med av det som vart laga på kurset med Birthe Lee Tveit, ikkje alle har fått sett kor mykje fint som vart laga då, og vi andre ser slikt gjerne to gongar!!!

  • Siste oppfordring gjeld linjalar. Vi har hatt linjalkurs med Ingun i vinter, då brukte vi Twister-linjalane, Storm at sea og ein 60-graders linjal. No håpar vi at dei som har brukt desse linjalane, tek med seg det som er laga med dei. No veit vi òg at det er mange andre flotte linjalar i sving, td X-blokk-linjalen som er brukt i bildet på headingen på bloggen her. 

  • Så oppfordringa ang. linjalar er: Har du brukt ein spesiallinjal, NY eller GAMMAL, ta med deg noko som du har laga med den så vi andre kan sjå moglegheitene som finst!!!
Og butikkane tek nok kanskje med seg nokre fristande linjalar.........




mandag 11. mars 2013

Eit vellukka årsmøte

Ein god start på dagen er viktig, og med ein så god start som årsmøtefrukosten på Nordfjord Hotell, så måtte det berre bli ein god dag!
Bildet over fortel vel alt, her vart det ete det meste ein hotellfrukost kan by på, og det hopa seg opp litt fat etter kvart!
Og då ein vel var mett og god, og det framleis var att tid før årsmøtet starta, så kan ein vel ikkje sitje i ro med hendene i fanget??
Her vart det falda lukkekant og eit par tepper inspirert av Arne og Carlos vart det strikka litt på.
Dette må då vere ein perfekt morgon??

Om lag halvparten av medlemmane møtte fram og var aktive i dei ulike sakene som vart tekne opp.
Det var to som gjekk ut av styret; kursleiar Siv Smørdal og Kursmedhjelpar/sekretær Inger Lise Strand. Dei vart takka for god innsats for klubben, og fekk kvar sin nydelege blomsterbukett,....som bloggred. og fungerande leiar då gløymde å ta bilde av!

Det nye styret ser slik ut:

Anne Marie Holsvik, leiar
Mariann L. Hatlenes, nestleiar/bloggred/bibliotek
Laila U. Piel, sekretær
Laila Brekke, kasserar
Torunn F, Utnes, infoansvarleg
Ingun Vaksdal, kursleiar
Grete Midthjell, kursmedhjelpar
Berit Jakobsen, materialforvaltar

Revisor:
Ingebjørg Utnes
Ingrid Myklebust

Valnemd:
Aud Torheim
Wenche Svoren
Kari Tellevik

Etter årsmøtet var det kurs med Hilde Lien, bilder kjem i eit seinare innlegg.

fredag 8. mars 2013

Årsmøte!

Så ynskjer vi medlemmane våre velkomne til ein innhaldsrik årsmøtedag i morgon laurdag 9. mars!
Som vanleg startar vi dagen med ein god og lang frukost på Nordfjord Hotell!


Vi møtest kl 8.30 og kosar oss med maten fram til årsmøtet startar kl 10! I år håpar vi på stort frammøte, for vi har viktige saker å ta opp.

Kl 12-18 vert det kurs på Stokkenes Gjestegard. Hilde Lien frå Molde er kursleiar på kurset som heiter "Korleis lage dine eigne motiv på stoff,- ingen grenser!" Eit liknande kurs hadde Hilde under Vestlandstreffet i Ålesund i 2011. HER kjem du til den kursomtala.

Mange likar å bruke nostalgiske bilder til overføring til stoff. På sida Old Photo Album finn du mange bilder du kan kopiere, under headingen står det til og med at dei er gratis å bruke (men ikkje i "salgsøyemed"). På siste klubbmøte var det kanskje nokre som lærte å lagre bilder ein finn på nettet, no får du bruk for det!!!

Då avsluttar eg innlegget på kvinnedagen med eit bilde henta frå bloggen Old Photo Album, ei flott dame som sikkert veit kva ho vil!!!

Eit stjernegalleri.....

Starburst quilt-along dukka opp på bloggred. sin data i dag, ein time før sola stig opp over eit gnistrande Nordfjord landskap. Ein månesigd dukka opp i aust og det har truleg vore mange stjerner å sjå før vi stod opp i dag.

Årsaka til dette innlegget er at bloggred vart så imponert over alle variasjonane i fargespelet på denne stjerneblokka. Det er så kjekt å sjå kva fargar gjer med eit mønster, og når vi får sjå ei samling av same blokk i ulike stoff, ja då må det berre kallast eit stjernegalleri!!
 Bilda er henta frå denne bloggen.

HER kjem du til innlegget med alle stjernene!


HER kjem du til mønster og framgangsmåte. Som vanleg er det meste som ligg ute på nettet, på engelsk, men med gode bilder og måla oppgjeve ved bilda, så kjem ein langt.

Bilder av quiltar som har vore med i denne quilt-alongen finn du på Flikr HER.

torsdag 7. mars 2013

Tips til bildeoverføring til stoff!

På årsmøtekurset som vi skal ha no komande laurdag, handlar det ma. om bruk av/ overføring bilder på stoff. Nokre av medlemmane våre har prøvd dette, men dei fleste vil gjerne lære meir om framgangsmåten.


I dag kom bloggred. over eit innlegg på quiltebloggen til Mikkje, her har ho lagt ut korleis ho overfører bilder til strykeark og prosessen til det ferdige produktet. HER kjem du rett til innlegget.
Takk til Mikkje og alle andre som deler slike gode tips med oss andre, for dei beste tipsa er dei som er utprøvd og funne nyttige!

søndag 3. mars 2013

Møte 5. mars!

Mars er i gang og komande tysdag 5.mars er det tid for å møtast att.

På dette møtet har vi tenkt å prøve noko vi ikkje har hatt på klubbmøta våre før: Bruk av data!
Dei fleste av medlemmane brukar pc til å sjå på quiltebloggar, facebooksider og heimesider til firma innan quilting. Pcen vert også brukt til lagring av bilder ein finn på nettet og til overføring av eigne bilder frå mobil og digitalkamera.

Den digitale verda er blitt eit godt hjelpemiddel til quiltehobbyen vår, og vi har vel alle innarbeidd våre eigne arbeidsmåtar når det gjeld bruken av data. Dette er måtar som fungerer for kvar enkelt, og mange tileignar seg nye teknikkar etter kvart. Men vi må vel alle innsjå at den tekniske utviklinga går mykje fortare enn vi klarer å følgje med på. Noko nytt treng vi kanskje, men det kan være like viktig å holde på det "gamle" og sjå kva moglegheiter ein enno ikkje har utnytta.

Difor har vi tenkt at dette møtet skal være eit møte for utveksling av erfaringar og deling av gode råd og teknikkar.

Vi håpar at dei som har og brukar bærbar pc, kan ta med seg den på møtet. Og husk!!!...... det er ikkje meininga at her skal ein vise kor flink ein er, her gjeld det å dele på erfaringar og ein ting er sikkert: ALLE har noko å lære!! Ein vert aldri ferdig utlært innan data, små finessar er like interessante som dei store!

Hovudfokuset er bruk av bilder på pcen, dette meiner vi vil være nyttig å gå igjennom no når vi skal ha kurs på årsmøtet der ma. overføring av bilder til stoff er temaet.

Tema som kan være aktuelle å ta opp på klubbmøtet:

  • Korleis lage mapper på pcen
  • Overføring av bilder frå mobil/fotoapparat
  • Bruk av bildeprogram: beskjære og komprimere bilder
  • Andre nyttige tips vi kan dele

Vi tenkjer oss at når vi ser kor mange som har med pc, så deler vi oss i smågrupper der vi tek føre oss det som er mest aktuelt å ta opp. Her er det lurt at dei som td. brukar same bildeprogram sit i lag og lærer av kvarandre. Også dei som ikkje har med seg pc, kan setje seg der dei meiner dei kan ha noko å lære.

Det vert ikkje noko form for "forelesingar", her er ingen ekspert som kan alt. Det er viktig å få til det grunnleggjande arbeidet med dataen før ein tek til med bildebehandling. Dette er viktig for at du skal finne att bilda dine på pcen!!! Bildeprogram er ulike men tanken er at vi deler på det vi kan, løyser problem som dukkar opp i lag, og så håper vi at alle vil få nytte av ein slik kveld.

Så dette må du sjekke opp/ ta med om du har:

  • Bærbar data, husk laddekabelen!
  • Gjer også merksam på at vi kanskje har ulike typar pcar, Mac  og vanleg Pc. Bloggred. har typen Mac og har erfaring med den. Om nokon har Ipad, kan den også takast med.
  • Sjekk opp kvar slags bildeprogram du har på pcen din. Er du usikker på det, sjekk om du har Office-pakken, der er det som oftast eitt som heiter Microsoft Office Picture Manager. Har du eit avansert program er det ikkje sikkert at mange kjenner til det. Som oftast held det med eit enkelt program. Picasa er eit gratisprogram du kan laste ned frå internett.
  • Ta med fotoapparat til evt. overføring av bilder, nokre pcar kan ta imot minnekortet, andre må ha kabel, sjekk kva du må ha!
  • Det er ikkje sikkert at vi har tilgang på Internett, vi sjekkar opp det med eigar.
Då håpar vi på ein lærerik kveld på Stokkenes Gjestegard, er noko uklart må de ta kontakt med bloggred.