mandag 10. juni 2013

Juniblokk

I tidlegare innlegg er det lagt ut månedsblokker frå Aurifil/Pat Sloan. Det er ei ny blokk kvar månad i eit heilt år, og det er kjende quiltarar som står bak kvar blokk.



Det er også lagt ut ein stor presentasjon av kvar månadsdesignar. Og merk dykk, i juni er det ein norsk quiltar som er i fokus!
Wenche Wolf Hatling, dama bak Northern Quilts, har laga juniblokka!


HER er link til omtalen av Wenche. HER er link til video på You Tube!


HER er link til mønsteret til denne blokka.




fredag 7. juni 2013

Kortkurs!

Klubben arrangerer no ein serie med kortkurs på kveldstid.
Tysdag 11. juni og måndag 17. juni vert dei første kursa,
TEMA: Frihandsquilting og deretter Log cabin for nybegynnarar.


Log cabin-blokk

Her er den same blokka sett saman på ulike måtar. 
Mange muligheter med denne enkle blokka!


Kursa vert på Stårheim skule kl. 18.30- 21.30 og er ope for både medlemmer og også for dei som ikkje er det!
Kursavgifta er på berre 100 kr pr kveld pluss materialpakke til kr 50.
Kursavgifta betaler du inn på kontonr 3790.13.16660.


Kursleder er  Ingun Vaksdal, ho skriv:
Ta med beige sytråd, stoppefot, nåler, saks, linjal, skjærematte og kniv, symaskin.
Det vert desse to kveldane no og 2 kveldar til hausten. 

Ingun fortel at først så får du lære teknikkar i frihandsquilting, deretter vert denne "prøvelappen" brukt vidare i Log Cabin-teknikken. 
Kurskveldane no i juni er ikkje avhengige av kvarandre, så om du har høve til berre ein av kveldane, så går det også bra!

Du melder deg på til kursleiar Ingun Vaksdal ved å henvende deg i butikken Primula Design eller på mobilnr. 99482474.



Log cabin blokka er ei av dei mest anvendelege blokkene. Den er enkel i konstruksjonen, men fargevalet og samansetjinga er det avgjerande!!





Her er ein lys og sommarleg quilt! HER er link til mønster på denne quilten.

Bilda i innlegget er henta frå bildesøk på Google.


torsdag 6. juni 2013

Teppe av Wedge Ruler

 Sjå kor flott teppe Aud L har laga! Ho har brukt linjalen Wedge Ruler til blokkene og laga nydelege vifteformer. Det kan også likne på fine skjel eller blomster. Tusen takk for at vi fekk sjå teppet på blåturen, det er både kjekt og nyttig å sjå den ulike bruken av ein linjal. Klubben har denne linjalen i biblioteket.



søndag 2. juni 2013

Blåtur!

Det er juni og BLÅTUR-tid i klubben vår! I år har vi valt å ha blåturen på klubbkvelden i juni, så det vert ei samanslåing av sommaravslutning og blåtur. Vi har lagt opp til at turen skal vere kort slik at flest mogleg av medlemmane har høve til å vere med! Det har vist seg å vere vellukka, for vi har påmeldt over 35 medlemmer!

Så damer,...... det er på tide å ta fram QUILTEBILEN og gjere den klar for avreise!


Og vi treng meir enn ein slik bil!!





Blåturkomiteen har laga køyreliste, og vi treng 8 slike bilar! Sjå føre dykk denne rekkja av vakre bilar, alle på leit etter ein plass for å tilbringe ein fin kveld!

Det vert kanskje ikkje heilt enkelt å sjå kven som kjem, men her anar vi atter ein gong bilen til eitt av medlemmane, ein liten kvit bil frå ytre strøk (?????) , godt forkledd!

Veret ser ut til å verte fint, så det er godt at det regnar frå seg no i helga!


Då er det berre å ynskje alle påmelde medlemmar velkomne til blåturen! Kle dykk allsidig med gode sko, kle for sola og noko varmt etter solnedgang! Husk også å ta med kontantar til egenandelen, andre kontantar treng du ikkje denne gongen! Husk også saks og blyant!


lørdag 1. juni 2013

Det er sommar!

Då er vi komne til første dag i første sommarmånaden, og.............DET REGNAR! Hos bloggred trommar det på taket og alle himlens skyer er komne heilt ned til havnivå! Men kva gjer vel det om ein er i nærleiken av litt stoff og ein ide dukkar opp?
Her kjem morgonens inspirasjon, Cross quilt! Eit enkelt design som ein ikkje treng mønster til, men mange fargar som du likar!

 Dette fargeglade teppet ligg ute på bloggen til Film in the fridge

Om du vil ha eit meir maritimt preg på blokkene, kan du bruke raude, blå og kvite stoff.

Her ser det ut som ei samling av nordiske flagg, bilda her er frå eit innlegg hos Aquilt is nice.

Om du treng oppskrift på denne blokka, så finn du ei hos Mrs. Schenkman Quilts! God sommarsying!