mandag 15. juli 2013

Juliblokk hos Aurifil

No er vi komne til Juli månad, og denne månaden er det Laurie Simpson som er designeren hos Aurifil. Ho er ein av designerane til Moda.
HER kjem du til omtale av henne, og her er også linkar til bloggen ho har

Her ser ein kva fargar og mønster gjer med ei blokk, men nokon likar dei reine og tydelege fargane, og andre dei som flyt meir i hop. 

 Her ser ein blokkene som det er mønster til hittil. Månadens blokk kan du laste ned HER.
Om du ser på bildet, står det Polly Minick og Laurie Simpson, dei er visst systre og begge er designerar for Moda. HER kjem du til bloggen deira.
Denne sommarglade puta fann eg på bloggen deira!

fredag 12. juli 2013

Eit lite sommararbeid!

Ei lita nålepute er noko som ein klarer å lage på ein dag, eller ein liten del av dagen! For når vi endeleg får ferie, så skal vi gjere unna alt det som vi ikkje rekk elles i året,..... men vi må no få tid til å sy litt likevel??
Hos Crazy Mom Quilts ligg det oppskrift til ei lita og nett nålepute, med 9-ar-blokk i miniformat!

Kanskje ein også kan sy denne for hand om du ikkje er i nærleiken av ei symaskin!
Dette er ein ekte miniquilt, for desse 9 kvadrata er berre 1 inch!!
Sjå her kor mange fine små nåleputer!

mandag 1. juli 2013

X plus resteblokk

Det er juli, det er sommar og det er syvèr! Med andre ord så regnar det såpass mykje at det er lite triveleg å td. drive med hagearbeid!
Då er det jammen kjekt at vi har eit godt alternativ blant alle våre fargeglade stoff! Og du treng ikkje haste avgarde for å kjøpe meir stoff, for dette er eit mønster der du kan bruke restar av alle slag! På bloggen til australske Badskirt ligg mønsteret.

HER kjem du til mønster og detaljert framgangsmåte!

LeKaQuilt har også prøvd denne teknikken, bildet under er frå bloggen hennar.