søndag 26. januar 2014

Dongeryveskekurs!!

8. og 9. mars skal vi ha  årsmøtekurset "Dongeryveske" ved Liv Ingunn Holvik frå Gloppen. Sjå kor flotte modellar ho har laga!
Her er to store vesker og to små. Bilda viser begge sidene av veskene, og som de ser så er dei kreativt utsmykka med både lappar og maljar av ulike sortar.



 Her ser de blanke maljar som er festa på.

 Litt hekla pynt, ei brun rose og eit halskjede?? er festa på veska til venstre.
 Knappar og bilder, alt kan brukast til pynt!

Det vert påmelding til kurset på klubbmøtet i februar. Ingun på Primula Design vil skaffe pyntemaljar til å feste på, og sikkert anna som kan passe på ei veske. Om du vurderer å bli med på kurset, så har du tida fram til kursstart til å leite fram skattar til å pynte veskene med.

søndag 12. januar 2014

Samsying!

Denne helga har det gått føre seg samsying med 270 quiltarar! Dei som er medlem i den lukka gruppa Quiltesiden på Facebook, har denne helga fått tilbod om samsying. Ei flott firkanta stoffkorg vart resultatet.
Ideskaparen til dette er Pia Bruvoll som er ei av dei bak Quiltesiden. På bloggen hennar Piasisia har ho lagt ut mønsteret til denne korga.
Om du vil ha tilgang til sida, så søkjer du opp sida og trykkjer på "Bli medlem av gruppa". Du vil få svar innan eit døgn vanlegvis.

fredag 10. januar 2014

Facebookside!

No har vi også oppretta Facebookside! Sida blir mata med stoff frå bloggen. Vi håpar med dette at vi når fram til endå fleire, og erfaringane siste døgnet har vist akkurat dette. Det er også lettare å legge inn kommentarar på Facebooksida.
Inntil vidare så er det ikkje lagt inn nokon begrensingar i kven som kan sjå og kommentere. Om det viser seg at det blir mykje uegna stoff på sida, så lukker vi den og de må bli venner med klubben.

Her kjem du til sida : NLQ facebookside

torsdag 9. januar 2014

Medlemsmøte 7.januar



 Årets første medlemsmøte var Quiltekafe, og vi fyllte møtelokalet med 40 spente quiltarar!! Kjekt å møtast att, og praten gjekk rundt borda over mange flotte arbeid ein hadde med seg. Vi hadde det så travelt med både arbeid, auksjon og kaffi at vi nesten ikkje hadde tid til "Vis og fortel". Men vi måtte berre finne plass til litt på slutten av møtet, for vi måtte få vist fram to flotte tepper.
 Dette er eit ekte resteteppe, og vi har erfart at dess fleire restar ein har, dess gladare vert resultatet! Laila  U P er meister for dette.


 I haust hadde vi kurs i Buggy Barn-teknikk, og vi sydde mange av desse flotte hjerteteppa. Her er det julehjerter, Laila S B har sydd dette.



Primula Design hadde som vanleg med mange flotte modellar til mønster som er til sals i butikken. Her er eit nydeleg teppe med teksten:
"Her er rent nok til å beholde helsen, og rot nok til å beholde lykken!"
Denne teksten må vel passe perfekt for oss quiltarar som ikkje kan gå og rydde heile tida???



Kurs "Crazy-quilt løpar"

Om akkurat to veker i dag, torsdag 23.1, arrangerer klubben eit kveldskurs : Løpar/festremse i Crazyquilt-teknikk.  Kurset vert på Stokkenes Gjestegard og er kl 18-22.
Kurset er no fullteikna og vel så det. På siste medlemsmøtet kom dei siste påmelde til, og vi vert heile 23 på kurset!

Slike kortkurs har vore veldig populære i klubben vår, og vi oppmodar medlemmane om å komme med tips til kursleiar Ingun om andre slike kurs de kan tenkjer dykk.
Vi har også fått fleire nye medlemmar i år, og vi lagar gjerne til kurs i teknikkar medlemmane vil lære meir om!

Marie Myklebust frå Gloppen skal lære oss korleis vi skal "blande" fine stoff til blokker. Her er det nok rom for å utfolde seg når Marie har lært oss lure teknikkar!
 Det skal bli skikkeleg kjekt å sjå resultata på kurset, for når vi er over 20 på kurset, så blir det også like mange variantar i fargar og mønster. Og mange tips til oss sjølve om bruk av fargar! Dette gler vi oss til no!


Januar!

Vi har tidlegare hatt kalendarbilder som tema gjennom eit heilt år. Mønster til dette bildet vart delt ut på medlemsmøta, men det ligg også ute link til mønster på bloggen vår. Det vart oppretta ein eigen blogg for dette, KALENDERBLOGGEN!
HER kjem du til mønstersida for JANUAR. Dette rekk du vel å sy denne månaden om du ikkje har gjort det før???

Har du lest Quilteeventyret? No lurer bloggred. på om nokon har laga fleire/ gjort ferdig kalenderbilder sidan sist! Vil gjerne ha fleire bilder til å legge inn på kvar månad, så send inn bilde på epostadressa som står oppe til høgre på bloggen, legg inn på Facebooksida eller ta med på neste klubbmøte!