mandag 31. mars 2014

Aprilmøte!

Då ynskjer vi velkommen til aprilmøte tysdag 1.4. Dette er ingen spøk,...... for på dette møtet er det alvor!!!
HUSK:

  • Vi håpar at mange kjem, for vi kjem til å ha møter i dei ulike gruppene til Regionstreffet, og litt informasjonsutveksling til kvarandre.
  • Ta med deg gevinstar til lotteria.
  • Ta med deg quiltar til utstillinga, husk å merke godt!
  • Ta med deg stjerneblokk om du har sydd ei!
Aktivitet på møtet:

PÅSKESTITCHERY!
Utsnitt av motivet!

Ta med deg:
  • Lerret til å sy på, ca A4 størrelse
  • blyant/penn til å overføre mønsteret med
  • Moulinègarn til å brodere med
  • Ramme?
  • Nål, saks
Velkommen til møtet!


lørdag 29. mars 2014

Låvequiltar!

Låvequiltar(Barn quilts),.......dette har vi ikkje prøvd enno!! Og som de sikkert anar, så er dette i USA! Men så dekorativt! Om dette er stoff eller måla, kan ein ikkje sjå. Slik blir det vel her også snart, når lageret vårt av ferdige quiltar blir for stort, og i USA har dei laga slike quiltar lenge før vi visste om det!

Vil du sjå fleire slike flotte løer, så finn du ei samling på Pinterest,  HER kjem du rett til den sida eg fann desse bilda!

Klubben vår har hatt ulike former for utstillingar ute, vi har hatt fleire sommaravslutningar i Jektehola, ein nydeleg plass i elvekanten i Nordfjordeid sentrum.

Vi har hatt gateutstilling i Nordfjordeid, på Quiltens dag i 2009, i pøsregn i eit partytelt! Med lotteri der vi lodda ut vårt flotte Dear Jane teppe.
Vi har hatt "Flagrande tepper"-utstilling i Eidsgata 2 gongar, men i skrivande stund kunne eg ikkje finne bilder frå dette. Det var truleg før vi oppretta bloggen i 2007, då hadde vi ei heimeside som vart lagt ned då leverandøren slutta med tenesta si.


I haust hadde vi "Drivhusmesse" i sentrum av Nordfjordeid, i Hildenes Gartneri, og ved inngangen der stod vår flotte heimedekorerte Quiltebil!!




søndag 23. mars 2014

Syr du stjerne?

Bloggred. har fått spørsmål om medlemsutfordringa,......å sy ei av stjerneblokkene til "Oh my stars" til neste klubbmøte. HER kjem du til oversikten ovar alle stjerneblokkene.
Spørsmålet gjeld størrelsen, og det er då ynskjeleg at du syr den største størrelsen. På alle mønstera er det oppgitt 3 størrelsar, sjå bildet under.
 Det står 3 mål under kvar del, skilt med ein loddrett strek. Det fremste målet er målet til den største blokka, det er denne du skal bruke!
NB! Dette er berre eksempelbilder, du vel sjølvsagt den blokka du vil!!!! Blokkene blir ca 12,5 inch iflg. dei som har sydd allereie.

Om du har lyst til å sy to blokker, til neste møte, så gjentek eg oppfordringa:
  • Sy ei blokk i fargar du likar, bakgrunn vel du sjølv.
  • Sy ei blokk i berre svart/kvitt fargar, lys eller mørk bakgrunn vel du sjølv.
No håpar vi at det er mange som har med seg blokker, for det er då det er kjekt å sjå desse i lag......for "mange lapper små"..... jå då er det plutselig eit stort teppe! Dette gjorde vi på eit kurs med Nancy Eriksen, "Resteteppe".



onsdag 19. mars 2014

Stort Regiontreff!!

No veit vi meir,..... vi har hatt styremøte og fått samla inn påmeldingar til Regionstreffet 6. april. Og JAAA, det blir eit STORT treff! Tal for påmelde har no passert 100, og det synest vi er veldig kjekt at så mange quilteinteresserte tek turen til Operahuset Nordfjord denne dagen! Det kjem tilreisande frå heile fylket, frå Sunnmøre og frå Ottadalen, velkomne til dei!!

Det er ikkje berre quiltarar som blir mange, det vert også mange butikkar, heile 6 stykker har meldt at dei vil komme.

Desse kjem:

  • Lappestua, Nordfjordeid
  • Primula Design, Nordfjordeid
  • Frøken Fryd, Florø
  • Florø husflid, Florø
  • Trapp ned, Førde
  • Lappeloftet, Vågå


I tillegg kjem  Sølvi quiltestudio frå Herøy. Ho driv med maskinquilting med Longarm maskin og har med seg quilta modellar og prøver på vatt, baksider og mønster. Om du har noko du vil ha quilta profesjonelt, så har du no høve til å få levert dette inn no.

Vi gleder oss veldig til foredraget med Kari Rindal Eide, ho er både bereist i quilting og på kartet!!!

Sjå også bloggen til Tiril Sol, ho gledar seg også til treffet!!

Om det no er nokon som ikkje har fått meldt seg på til treffet, så tek vi framleis imot påmeldingar, ta kontakt!!

mandag 17. mars 2014

Mars!

Vi har passert over halve mars, så om du har lyst til å lage marsblokka som klubben hadde ein serie av i 2012, så rekk du det enno. HER finn du link til innlegget der du finn mønster.

Bilda under her er av blokker som medlemmar har laga!

....og sidan vårblomstane våre plutseleg vart dekt av vintersnø, så kan vi no lage dei under symaskina!

søndag 16. mars 2014

Dongeryveske-kurs




Dette er begge sidene av Reidun si veske, så flott resultat av dongery som truleg hadde blitt kasta!! 



8. og 9. mars arrangerte klubben Dongeryveskekurs med Liv Ingun Holvik frå Sandane. Påmeldinga til kurset var enorm, for om lag halve klubben ville gå på dette kurset. Dette førte til at vi måtte dele gruppa i to, så om ei veke vert det kurs nr. 2. I følge kursleiar Ingun er det visst plass til 2 eller 3 til om nokon no vil melde seg på kurset som vert 22. og 23. mars.
Takk til Liv Ingunn for eit flott gjennomført kurs med eit opplegg som kursdeltakarane skrytte veldig av! Så vi andre gledar oss til neste helg!!

Det er ikkje rart ein vil gå på eit slikt kurs, for her er det gjenbruk av slitne eller umoderne bukser (og skjørt!), og til meir effektar det var i buksa, dess finare vart det. Her nemner ein slitasjestriper, pyntesaumar, broderi, lommer i ulike former, naglar,  osv. Mykje flotte detaljar å ta vare på berre ein oppdagar dei! Og akkurat dette er Liv Ingun ekspert i. Ho sa at vi ikkje måtte rive opp buksa i forkant pga trådretninga som gjerne går på skrå i eit buksebein, dette kan ødelegge gode stoffdelar. Og ein må sjå godt på kva delar ein vil ha synleg på veska. Det er betre å ha mønsteret til å leggje ut over heile buksa før ein klipper.

 ....og var det ikkje nok effektar på buksa, så er det berre å tilføye med kjøpepynt! Primula Design stilte med eit utruleg flott utval av pynt, ringar, lås, knappar, hankar, tråd, .......må berre sjåast, ho har nok meir i butikken!

 Metallstjerner, og Strassnaglar!! Flott til dekor på dongery!
 Foret i veska er like viktig som utsida, og som de ser, så er veska like fin inni som utanpå.

Det er ikkje nødvendig å sy denne veska i dongery, Laila hadde valt å kjøpe skinnimitasjonstoff hos Primula Design!



 Tenk om dette flotte broderiet gjekk i bosset!!!! No lever det vidare på ei flott veske!
 Sjå her, desse veskene har fått hjertenaglar! Så flott!

Her er det visst både lomme og linning frå ei anna bukse etter fargen å dømme!

mandag 10. mars 2014

Medlemsutfordring!

Dette blir ei skikkeleg medlemsutfordring, frå medlem til medlemmar!!
Vi har motteke eit godt tips frå eitt av våre medlemmar, dette tipset vart også diskutert då vi var samla over 30 stk på årsmøtet no i helga.

Dei to siste vekene har de fått servert stjerner av ulikt slag, med link til mønster til alle. No ynskjer vi at medlemmane syr ei av stjernene, valfri kva modell det blir, og du vel kva fargar og bakgrunn du vil bruke. MEN, DU MÅ SY DEN STØRSTE!

Om du er i godlag, så sy gjerne ei til, og bloggred. tillet seg då å foreslå at denne syr du i svart/kvitt, bakgrunn vel du som du vil, enten svart eller kvit.
Det som du har sydd, (om du rekk det då!), tek du med deg på neste klubbmøte til vising. Dersom mange har med seg ei blokk, så kjem det til å bli ei flott samling i lag.

Vi har ei plan,..........de får vite meir på møtet 1.4!

søndag 9. mars 2014

Endringar i styret.

Laurdag hadde vi årsmøte med heile 32 frammøtte! Dette gleda oss mykje, for det er kjekt når medlemmane viser interesse for drifta av klubben.
Årsmøtet gjekk glatt, med lite diskusjonar, og vi vel å tolke det til at vi lukkast med å drive med mest mogleg informasjon og medverknad frå medlemmane året rundt.

Valnemda har heller ikkje hatt problem med arbeidet sitt, for halve styret tok gjenvalg. Men det er også kjekt å merke seg at det er vilje blant medlemmane til å ta verv.

Det nye styret ser slik ut:

Leiar :                               Anne Marie Holsvik
Kasserer:                           Rigmor Kvalheim
Sekretær:                           Laila Utnes Piel
Nestleiar/blogg/bibliotek:  Mariann  Hatlenes
Infoansvarleg:                   Torun Føllesdal Utnes
Materialforvaltar:               Laila Strand Brekke
Kursansvarleg:                   Ingun Vaksdal
Kursmedhjelpar:                Grete Midthjell

Revisor: Ingebjørg Utnes
              Ingrid Myklebust

Valnemd: Kari Tellevik
                Hilde Strøm Os
                Ragnhild Sande

Vi takkar Berit Jakobsen for jobben ho har gjort som materialforvaltar. Ho gjekk ut av styret. Takk  også til Laila Strand Brekke som har gjort ein god jobb som kasserar, og no tek til i eit anna verv.
Aud Torheim og Wenche Svoren gjekk ut av valnemda. Takk for arbeidet dei har gjort.



lørdag 8. mars 2014

Årsmøtehelg!

Då ynskjer vi alle medlemmane våre velkommen til ei kjekk årsmøtehelg.

Vi startar i dag med årsmøte kl 10.00  på Stokkenes Gjestegard og avsluttar med ein god lunsj! Minner alle om å skrive ut sakspapira og ta dei med, for det vert ikkje delt ut nye på årsmøtet.

Etter årsmøtelunsjen , ca kl 13, startar kurset  som er "Dongeryvesker" med Liv Ingunn Holvik. Kurset går over to dagar.  Ein må vel seie at dette vart eit ekstremt populært kurs, for over halve klubben melde seg på, og vi måtte då dele opp i to kurs. Så neste kurs vert 22. og 23. mars, med det vi veit no er der berre 2-3 ledige plassar, men då høve til å melde seg på enno!

torsdag 6. mars 2014

Finale!

I dag er det finale i denne lange stjernegallaen! Siste stjerne i serien til "OH MY STARS"er no lagt ut her, og namnet passar no egentleg utruleg bra når det skal være avslutning med smell i!!

Den heiter "Exploding star" og her treng vi ikkje Google translate for å skjøne ordet, ei skikkeleg "Exploderande stjerne" har vi her!!
HER kjem du til mønsteret.

Då takkar vi alongen for at det vert lagt ut slike kjekke mønster, og om nokon har andre forslag til alongar/mønsterseriar som kan leggjast ut her, så gje beskjed!

onsdag 5. mars 2014

"Skimrande stjerne"

Dette er "Shimmering star" eller på norsk; ei "skimrande stjerne".
HER er link til mønsteret, og du må nok hit for å sjå dette mønsteret tydeleg. Synest at quiltaren bak denne stjernequilten ikkje har valt dei beste stoffa her........., ser meir ut som ei "lapskausstjerne"!!!
HER kjem du til hovedsida for "Oh my stars" alongen.

tirsdag 4. mars 2014

Kursa på Vestlandstreffet i Florø!

No er kursa på Vestlandstreffet 2014 i Florø lagt ut på bloggen deira. Der er i alt 11 kurs med mange kjende kursholdarar.
Dette hjertet er i mosaikkteknikk som du får lære meir om på kurset med Frøydis Myhre.

HER kjem du rett til kurslista!
No oppfordrar vi medlemmane våre til å vise interesse for kursa og melde seg på, for neste gong er det vi som skal arrangere, og det er kjekt å kunne sjå at interessa for quilting framleis er på eit høgt nivå!
Besøk også bloggen deira, HER finn du all info du treng om treffet no til hausten!

"Plaid star"

Dagens stjerne heiter "Plaid star" og ifølge Google Translate så heiter den på norsk "Pledd stjerne". (???) Eit underleg namn,...... men når ein ser på samansetjinga, så liknar det kanskje på eit lite pledd i lappeteknikk med ein kant rundt!! Om nokon har eit betre namn på denne, så må de gje beskjed!!
HER kjem du til mønsteret til denne stjerna!

mandag 3. mars 2014

Velkommen til møte 4. mars!

Det er tid for møte igjen, og tysdag 4. mars møtes vi att på Stokkenes Gjestegard.

Dei som har lese "julemailen" frå Torunn, huskar nok at vi på dette møtet skal ha påske som aktivitetstema. Det skal vi gjere noko med, så her kjem litt info:
 NB! Bildet over viser ikkje modellen vi skal lage!! Det er lånt frå denne sida!

Vi skal lage "Crazy EGG i mosaikkteknikk".  Dette er ein enkel teknikk som passar godt til å pusle med på eit slikt møte. På lista under her står det at du må ha med symaskin, dette for å kunne quilte litt til slutt for å få eit fast produkt. Elles er det ikkje sying med maskin på denne modellen.
Modellen kan brukast til oppheng i vindu, som applikasjon eller som eit bilde.

Her er lista:


  • ·      Applikasjonsvliselin (Vlisofix), ca 10 x 20 cm til ei side på eitt egg.
  • ·      Stoffbitar i den fargeskalaen du ynskjer, 5-10 fargetonar som bryt litt med kvarandre!
  • ·      Eit stoffstykke som er litt større enn malen til egget., ca 15 x 15 cm.
  • ·      Eit bakgrunnsstoff om du skal montere det som bilde, td 25 x 35 cm til ei ramme på 20 x 30. Ha gjerne eit ekstra støttestoff bak dette om du skal applikere egget på.
  • ·      Ei god saks, strykejern, sytråd som matchar stoffet og gjerne gull- eller sølvtråd. Perler til å sy på om du vil ha det.
  • ·      Symaskin med vanleg fot og stoppefot.

 Både Lappestua og Primula Design kjem på møtet med fristande varer,  dei vil også ha med Vlisofix og stoff i vårlege fargar.

Tips: Denne modellen vi skal lage passar i alle slags fargar, du kan like gjerne lage den i kvite eller brunfargar, som lette vårlege pastellar. Valget er ditt og det skal bli kjekt å sjå mange variasjonar!!  

Minner igjen om at de må ta med quiltar som skal vere med på utstillinga på Regionstreffet 6. april!!

         Velkommen til eit kjekt vårmøte!!




"Sjakkbrett"!!

Dette er "Sjakkbrettstjerna", eller som den offisielt heiter, "Checkerboard star".
Sjakkrutene er bra tydelege her, men i svart/kvitt hadde vi sett det endå betre!
HER er link til mønsteret!

Denne stjerna dukka opp ved søk på Google, eigaren har bloggen Pirate-sr og har sydd fleire av desse stjernene , HER kjem du til fleire av stjernene ho har sydd i julestoff.

søndag 2. mars 2014

"Strålande stjerne"

Dette er "Radiant star" som på norsk betyr "Strålande stjerne".

Det viser seg at når vi quiltarar brukar engelske mønster, så treng vi å oversetje enkelte ord. På denne måten skjer det ei medlæring samstundes med at vi kosar oss med hobbyen vår, for vi utvidar ordforrådet vårt med stadig nye ord som vi ikkje brukar vanlegvis!

Denne stjerna strålar ser vi godt, for den har dobbelt sett med spissar.

HER kjem du til mønsteret som hjøyrer til "Oh my stars" alongen.
Ynskjer alle som er innom ein STRÅLANDE søndag. Her på vestlandet er det litt sprekker i skylaget, så kanskje får vi også sjå ei strålande sol på fastelavenssøndagen?

lørdag 1. mars 2014

"Quattro stagioni star"!!

Ja kva er no "Quattro stagioni star"? Eit italiensklydande namn som iallefall underteikna har høyrt mange gongar, men utan å sjekke betydninga av. Mine første tankar var at dette tydde 4 stasjonar, quattro visste eg kva var, og stagione likna på stasjon!

Desse stjernene i alongen har ingen tilfeldige namn har vi erfart sålangt, så her vart det ei ny runde med ordlista. Google translate gav svaret: 4 seasons!! Eller på norsk; 4 årstider!
Sjølvsagt er det 4 årstider, og berre ved å sjå på fargevalet i stjerna, så ser vi at fargane er bevisst brukt her. Blå kald vinter, vårlege grønfargar, raude varme sommarfargar og eit gyllent skjær over haustfargane!

HER kjem du rett til mønsteret til denne stjerna!
Lykke til med djupdykk i stoffa dine på leiting etter årstidsfargar om du vil sy denne stjerna!