lørdag 5. april 2014

Velkommen til Quiltetreff!

Det er like før no, berre timar att til eit  STORT arrangement som vi har gleda oss til lenge, Regionstreff!! Søndag 6. april kl 10.00 opnar vi dørene for dei som er påmelde!
Vi er i gang med å få opp utstillinga og vi ser allereie no at her vert det mange godbitar å sjå!! Om nokon lurer på det, så er det tillatt å fotografere, berre pass på å ha med deg kamera med fullt batteri og god plass på minnekortet!
Til dei som kjem langvegs frå, så vil vi her informere om at det vert smørbrød å få kjøpt når de kjem.
Arrangementet er lukka for påmelde mellom kl 10 og 14.30. 

For andre som har lyst til å komme innom, så er det ope hus med gratis inngang frå kl 14.30-17.00. Vi har stor utstilling av Quiltar, butikkar med sal av stoff og utstyr, eit Quiltestudio, åresalg, loddsal på bok som vi trekkjer på slutten av dagen. I tillegg har vi kafe med Nordfjords største kakebord!!!

Det er truleg mange som ikkje har vore i Operahuset på Nordfjordeid før. Har difor limt inn kart med plasseringa. De vil også finne gult skilt med "Quiltetreff" like ved rundkøyringa  som er nær Operahuset (ved kyrkja). Operahuset er merka med namn på veggen. Det er parkering ved Idrettshuset og på baksida av Operahuset. Det er to inngangar, den eine mot sør (raudt felt i bildet) og ein midt på langsida mot aust.

Dette kartet er frå Gule sider, litt smått å sjå, men oppe til venstre ser du ein svart prikk, det er der vi er!!!
Det er meldt om flott innever i Nordfjord, så då ynskjer vi alle velkomne til ein triveleg og inspirerande dag på Nordfjordeid!!