søndag 30. november 2014

Julemøte!

Då er det på tide å invitere alle medlemmane våre til JULEMØTE!

Tysdag 2.12  kl 18.30 samlast vi til nokre kjekke timar på Stokkenes Gjestegard.
Denne fine stjerna er å finne på Etsy!

Det er vel inga overrasking at vi på møtet skal lage noko fint julerelatert av stoff, så ta med deg litt utstyr i sykorga di! Ta gjerne med deg noko anna som du syr på også,.....ein lukkekant på ei julegåve eller eit stitchery?

Så håpar vi at de ikkje har pakka inn alle quiltar til julegåver enno, ta med deg til "Vis og Fortel" så vi får sjå kva du har laga, så skal vi heller ha taushetsplikt!!

tirsdag 25. november 2014

Snart tid for adventskalendar!

Om få dagar er det tid for å ta fram adventskalendaren igjen!

Det er kanskje litt seint å komme med ein slik stor idè som er i dette innlegget, men ein kan kanskje byrje i god tid no når ein er i førjulsstemning og få den ferdig neste år??

Denne kalendaren dukka opp på bloggen Ahhh...Quilting der det er eit langt innlegg og mange nærbilder. I farten ser dette ut som eit teppe med applikerte pakkar på, men ved nærare studie så er dette eit nøye planlagt arbeid.

  • Alle pakkane har ei opning øverst, dvs. det er lommer.
  • Oppi lommene er det små figurar med hempe på.
  • Juletreet i midten har påsydde knappar i mange fargar, dei ser ut som lyspunkt eller julekuler, men etter kvart som  dei små figurane kjem ut av lomma, så blir dei hengt på knappane på treet!
Det finst mønster å kjøpe på Craftsy, HER kjem du rett til sida, prisen er $6,95!

Om du heller vil lage din eigen variant, så er dette ein idè du kanskje kan bruke??

søndag 23. november 2014

Lappestua Eid!

På novembermøtet vårt var Lappestua Eid der med eit stort utval av stoff, mønster og utstyr. Vi er veldig glade for at vi har våre to quiltebutikkar på Nordfjordeid, ( denne og Primula Design) og at dei tek med varene sine på møta våre, ja det er rein luksus! Det er også kjekt for dei av medlemmane våre som ikkje bur nær sentrum, for då får dei høve til å både sjå siste nytt og å gjere ein god handel!


Butikken Lappestua Eid ligg i den vakre Eidsgata i Nordfjordeid sentrum. Butikklokalet inneheld også garnbutikken "Ein rød tråd", så her i lokalet er det ofte ein jamn straum av handarbeidsglade innom! Om du følgjer med på Facebooksida til butikken, så er der ofte oppdatering med nyheiter frå butikken.  Ho har ikkje nettbutikk, men ho sender pakkar nesten dagleg til kundar. Er det stoff du lurer på, så kan ho sende deg bilder eller det vert lagt ut på Facebook. Dette er slik kundeservice vi likar som kundar, og då er det nok også kjekt å drive butikk når kundane finn det dei treng!

På klubbmøta vert det teke med siste nytt og stoff som passar til både årstid og aktivitetar på møta. Her ser du lasset med stoff frå siste møte, det er ikkje vanskeleg å sjå at her ligg det mykje hardt transportarbeid og at ein treng ein romsleg bil!!

Mange festlege motivknappar!

 Stitcherytråd i mange fargar og med flammeeffekt!
 Jul og vinter er temaet her!

 Små pakkar med motivknappar som passar saman, og til ein svært hyggeleg pris!



 I butikken er det eit sjeldan stort utval av "julepanel", nokre er ferdig samansett, andre er det fritt fram korleis ein vil bruke.
 Bildet over viser eit ferdigsydd teppe, sjå bildet under, der er dei ulike bitane som er brukt, dei er klipte ut og sett saman med border sydd av matchande stoff. På mange av modellane er det sett på knappar til dekor, då er det dei ferdige temapakkane med knappar som vert brukt, for dei passar perfekt i både fargar og tema.



Eigar Siv er veldig glad i kattar, fine figurar i spesiell stil og Laurel Burch vesker med kattemotiv finst i butikken. Og skulle du høyre ein katt som mjauar og mjauar, .......då er det berre Siv sin telefon som ringer!

 Teppe der linjalen "Day and night" er brukt.
 Som de ser her så er knappeavdelinga rikholdig både innan fargar og motiv. Tidlegare var det butikken til Knappehuset i sentrum av Bergen som eg heldt for å ha størst utval i vårt område, no trur eg at Lappestua Eid kanskje ligg i toppen av utval!



 Nydeleg liten dekor til dør eller vegg, mønster er frå Solbritt och Maria.



 Utvalet av linjalar er stort, og der er det mange av dei gode linjalane vi har brukt på kursa våre siste åra.

 Nytt stoff i gull og sølv, ikkje så forferdeleg glitrande slik dei var før. Desse stoffa har ein behageleg glans og passar fint til julequiltar!


Butikken har eit godt utval av Balistoff.

 Artige oppheng i metall over og under ser du litt av bøkene for sal. Siv likar spesielt godt Art Quilt, så her er det mange bøker innan dette temaet.

 Fargerike og spesielle stoff!

 Store seriar innan same fargetone, og metervis med stoff i hyllene!

 Godt utval av julestoff!

 Spesielle løparar! Mønster "Vågspel" av Solbritt og Maria.
 Eit stort arkiv med mønster!
 Mønsteret "Tomtemys" frå Solbritt och Maria.
 Mange flotte stoff i kvart/kvitt.
 ....og stort utval av pakningar med stoff som høyrer saman, både i pose og på rull!



....dette var litt av innholdet i butikken Lappestua Eid, og om du vil sjå meir, er det lurt å ta ein tur innom. Siv er også ein erfaren kursholdar innan mange teknikkar, vi brukar henne i klubben vår, og ho reiser også ut av kommuna! 
Treng du kontakt med Siv på telefon, så når du henne på mobilnr 91531479.

Forhandlar av Janome.


søndag 16. november 2014

Kreative naboar i nord!!

Deler med dykk Facebooksida til våre kreative naboar i nord; Volda og Ørsta Quiltelag.

Dei har nyleg hatt utstilling i Ørsta, her er litt fleire bilder frå den utstillinga. Om de også besøkjer bloggen til Den syende himmel, så finn du nokre bilder der.