søndag 2. november 2014

"Bit for Bit"

Sengeteppet "Bit for Bit" får eit eige innlegg denne gongen. Det er Anne Marie som har sydd dette, og  ho og Elna har sydd eit slikt tidlegare.
Mønsteret er frå  MyQuilt 2011 og stod i nr 1-4.

Det er eit flott teppe med mange ulike blokker, og som sist så har Anne Marie sydd det av stoff med minner i.









 Det er også system på baksida, så teppet er vendbart. Til lyst stoff har ho brukt ein gammal duk! Og det småblomstra har visst vore brukt som dyne/pute i vogga ho låg i som baby!


 I blokkene er det brukt litt av kvart, her er det blonder.
 Hardangersaum i midtfeltet!
 Kanten måtte pyntast litt meinte Anne Marie, men mangla passande band. Då berre lagar ein noko sjølv!......ho tok passande tjukk trå og sikka på kanten!
 ....Og laga eit hjerte!
 Her er det også ei fin bord, hardangersaum!


Ingen kommentarer: